Facebook ikon Twitter logo Print side

Skuleskyss

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Rett til skuleskyss?

Retten til skuleskyss gjeld til/frå skoletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO).

Avstanden mellom skule og heim må overstiga

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim.

I Fjell kommune er det komite for drift som vurderar og klassifiserer om skulevegen er av ein slik art.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skada eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag.

Søk skuleskyss

Kontakt den aktuelle skule for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.

Søknad om skyss på medisinsk grunnlag kan foreldre gjera på www.hordaland.no/skoleskyss. Denne typen skyss-søknad krev legeerklæring.

Ansvar

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for, og som avgjer om ein elev har rett til skyss grunna avstand (2 km for 1. kl /4 km for 2.-10. kl).

Avstandsgrensene er absolutte.

Kommunen skal sørgja for skyss til grunnskuleelevar som har skuleveg som er klassifisert som særleg farleg eller vanskeleg veg.

Lover

Friskolelova om Skyss
Opplæringslova om Skyss


Publisert: 06.06.2016 11:38
Sist endret: 06.06.2016 11:50