Facebook ikon Twitter logo Print side

Spesialpedagogisk hjelp til barn i førskulealder

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva hjelp kan du få?

Foreldre kan søkja om spesialpedagogisk hjelp til barn med plass i barnehage eller som er heime. Den spesialpedagogiske hjelpa skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet til barnet vert forsvarleg og best mogleg tilpassa barnet sine læringsbehov.

Hjelpa skal også omfatta tilbod om foreldrerådgjeving. Hjelpa kan gjevast i barnehagar, skular, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller hjelpa kan organiserast som eigne tiltak.

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp.

Korleis få hjelp?

For barn som har barnehageplass

Du får eit søknadskjema om spesialpedagogisk hjelp ved å venda deg til styrar i barnehagen. Barnehagen kan også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT. Søknadene frå barnehagane vert sendt til Barnehagesjefen i Fjell kommune.

For barn som ikkje har barnehageplass

Her vil PPT hjelpa til med søknaden. Barnehagesjefen gjer vedtak om tildeling av spesialpedagogisk hjelp, til vanleg i juni månad, etter at hovudopptaket til ledige barnehageplassar om hausten er gjennomført. Det kan også gjerast vedtak om spesialpedagogisk hjelp ellers i året, dersom det ligg føre sakkunnig vurdering og tilråding frå PPT. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og kopi til aktuell barnehage.

Skjema (tilsette)

Lover

Rett til spesialundervisning - barnehageloven Kap. V §§19a-h


Publisert: 22.06.2016 08:38
Sist endret: 22.06.2016 08:52
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00