Facebook ikon Twitter logo Print side

Spesialundervisning

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Dersom du ikkje har tilfredsstillande utbytte av den vanlege undervisninga, kan du ha rett til spesialundervisning i nokre av timane. Du skal ha det same timetalet totalt som gjeld for andre elevar.

Skulen skal leggja til rette undervisninga for deg. Dei har plikt til å vurdera og prøva ut tiltak for å sikra deg eit tilfredstillande utbytte av opplæringa, før PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) blir bedt om å vurdere om du treng spesialundervisning.

Korleis søkja?

Du eller foreldra dine kan krevja at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finna ut om du treng spesialundervisning og også kva opplæring du eventuelt treng.

Kommunen har ikkje eige søknadsskjema for spesialundervisning.

Søknadsbehandling

Etter at skulen har gjort dei nødvendig undersøkingane og eventuelt prøvd ut aktuelle tiltak, kan det vere aktuelt at PPT gjer ei sakkyndig vurdering. Før PPT kan foreta ei vurdering av deg, skal skulen få samtykkje av foreldra dine (eller deg om du er over 15 år).

Du har rett til å sjå og uttale deg om den sakkunnige uttalen som PPT skriv etter dei har vurdert behova dine.

Viss PPT konkluderer med at det er behov for spesialundervisning, må skulen igjen ha eit samtykkje av foreldra dine før rektor kan gjere eit vedtak og sette i gang spesialundervisninga.

Eit vedtak om spesialundervisning skal være klart på omfang, innhald og korleis undervisninga skal organiserast.

Rett til å klage

Om du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du ikkje er nøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du kontakta skulesjefen sitt kontor. Opprettheld kommunen avgjerda, vert saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen får mehald.

Lover og retningslinjer

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.


Publisert: 16.06.2016 19:12
Sist endret: 16.06.2016 19:21