Facebook ikon Twitter logo Print side

Vaksenopplæring

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kven har rett til opplæring?

Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne.

Opplæringa skal tilpassast behovet ditt; det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Som hovudregel skal opplæringa gå over kortare tidsperiodar.

Vaksne skal ikkje plasserast i vanlege klassar saman med barn og unge.

Sjå Fjell vaksenopplæring sine nettsider for meir informasjon og søknadsskjema

Pris

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Rettleiing

Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om grunnskoleopplæring for vaksne.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan venta at det vil vert gjort eit vedtak.

Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må det offentlege ha rimeleg tid til å planleggja, leggja til rette og setja i verk tilbodet. Dette inneber at søkjarane, etter tilhøva, må akseptera at det kan ta ei viss tid før eit tilbod blir etablert.

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisera kva tenesta omfattar.

Lover

Lov om grunnskulen og den videregåande opplæringa (opplæringslova)


Publisert: 01.06.2016 08:25
Sist endret: 01.06.2016 08:33
Fjell vaksenopplæring

Besøksadresse:

Grønamyrsvegen 2
5353 Straume

Telefon: 55 09 76 70