Facebook ikon Twitter logo Print side

Demenstilbod

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Hukommelsesteam

Kven kan få hjelp?

Kommunalt hukommelsesteam er samansett av tre sjukepleiarar og ein ergoterapeut og gjev tilbod til :

  • Deg som opplever utfordringar knytt til minne
  • Pårørande til personar med hukommelsesendring

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste.

Kva hjelp kan eg få?
  • Råd og rettleiing ved endring i minne
  • Formidlar kontakt til andre relevante instansar som lege, heimesjukepleie og spesialisthelsetenesta
  • Utgreiing og kartlegging av sjukdom
  • Tilrettelegging i daglege aktivitetar (inkludert hjelpemiddel)
Korleis ta kontakt?

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale:

Pris

Tenesta er gratis.

Generell informasjon

Vi kjem gjerne på heimebesøk for råd og samtale om ulike tilbod som er til hjelp ved hukommelsessvikt.

Aktivitetstilbod

Prosjekt

Invitasjon til dialogmøte 5. september 2017.

Har du erfaring som pårørande til nokon med demenssjukdom?

Tid

Kl. 17.00 - 19.00

Stad: Kultursalen, Fjell rådhus

Om dialogmøtet

Vil du vera med å utvikla framtidas tenester til personar med demenssjukdom og deira pårørande? Då treng vi dine innspel og erfaringar!

Påmelding

Grunna matservering treng vi påmelding. Meld deg på til bodil.giil@fjell.kommune.no eller tlf. 55 09 71 98 innan 1. september.

Prosjekt "Modellkommune for demensomsorg"

Det er eit sentralt tiltak i Helsedirektoratet sin Demensplan 2020 at personar med demenssjukdom og deira pårørande får systematisk oppfølging etter diagnose og gjennom sjukdomsforløpet.

Målet med prosjekt « Modellkommune» er å utvikla betre og meir samordna tenester. Kartlegging vil være et verktøy for å få betre kunnskap om kva erfaringar pårørande har gjort seg, kva som fungerte og kva som ikkje fungerte.

Kafèdialog

Vi inviterer deg som har pårørandeerfaring til å bidra i kartlegginga i form av ein kafèdialog. De vil bli satt i små grupper og vi går rundt på borda og diskuterer med dykk.

Under ser de dei spørsmåla vi ynskjer å vite meire om.

  • Korleis opplevde de at tida før, under og etter at din næraste fekk ein demensdiagnose?
  • Kva tilbod til personar med demenssjukdom og pårørande kjenner du til?
  • Kva tilbod tenkjer du er viktig for framtida?

Publisert: 09.08.2017 14:32
Sist endret: 09.08.2017 14:40
Heimetenesta Sone Litlesotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 84

Heimetenesta Sone Litlesotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 84