Facebook ikon Twitter logo Print side

Aktivitetsvenn

Vil du bli ein aktivitetsvenn – eller treng du ein aktivitetsven?

Aktivitetsvenn

Mål

Målet er å gje menneske med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, som å trene, gå tur, gå i teater eller på kino, fiske, male, eller berre møtes for ein kopp kaffi og en liten prat. Med ein aktivitetsvenn kan personer med demens få moglegheita til å fortsette sine vanlege aktivitetar.

Ulike aktivitetar

De kan til dømes trene på Aktiv+ eller Aktivitet 365 i lag, vere med på Treff+, eller på Tysdag på Gjerdet i saman. Kanskje du aller helst vil besøkje ein fast person på Sjukeheimen, Straume Bu- og Servicesenter eller Kvednatunet eller ein som bur i eigen heim? Spørsmålet er kva du likar å gjere sjølv. Derfor er mottoet til Nasjonalforeningen Aktivitetsvenn – Dobbel glede.

Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt. Sjølv for menneske der sjukdommen har komen so langt at opplevinga raskt gløymast, viser det seg at dei gode kjenslene og stemninga varer. Det er mange som ønskjer å gjere ein frivillig innsats. Å vera aktivitetsvenn vil ivareta dette engasjementet på ein direkte og meiningsfull måte. Alle frivillige aktivitetsvenner vil få kurs og rettleiing av Nasjonalforeningen for folkehelsen i Fjell.

Du treng ikkje å vera medlem i Nasjonalforeningen for å delta på kurset. Om du ønskjer å melde deg inn i Nasjonalforeningen i Fjell så kan du melda deg inn her.

Her kan du melde din interesse uten forpliktelser:

Treng du ein aktivitetsvenn?

Vil du bli ein aktivitetsvenn?

Her finn du meir informasjon om Aktivitetsvenn

Kurs

Aktivitetsvenn - Dobbel glede 21. - 22. februar

Dato og tid
21. - 22. februar kl. 18.00 - 21.00

Stad
Frivilligsentralen, Fjell folkeboksamling, Sartor Storsenter

Kurshaldarar
Eva Synnøve Steigen, Regional prosjektleder Aktivitetsvenn Hordaland og Sogn og Fjordane, saman med Hukommelsesteamet i Fjell kommune.

Pris
Gratis og ope for alle interesserte.

Påmelding

Blir med på kurs om å bli Aktivitetsvenn


Publisert: 31.01.2017 13:32
Sist endret: 31.01.2017 13:45