Facebook ikon Twitter logo Print side

Barnevern

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Treng du hjelp frå barnevernet?

Barneverntenesta gjev barn, unge og familiar hjelp og stønad i vanskelege situasjonar. For at vi skal koma tidleg inn med hjelp, er det viktig at foreldre, barn, ungdom eller andre søkjer hjelp hjå oss ved behov eller bekymring.

Barneverntjenesta

  • behandlar og undersøkjer meldingar
  • set i verk hjelpetiltak i familien
  • gjev omsorsgtiltak for barnet

Terskelen for å ta kontakt for å få råd og rettleiing er låg.

Post til Barnevernet

Skal du senda brev til barneverntenesta, bruk denna adressa:

Fjell barnevernteneste
Postboks 184, 5342 Straume

Opningstid

Ekspedisjonstid kl. 08.00 – 15.30 kvardagar.

Ta kontakt med barnevernvakta ved akutt hjelp

Nye lokale

Frå 15. desember vert vi å treffa på Sartor Storsenter i 5. etg, inngang frå Gågata vis a vis Egon eller ta heis v/frisør Mon Ami.

Ta heis v/frisør Mon Ami opp til 5. etasje, her finn du barneverntenestaInngang frå Gågata vis a vis Egon, ta til høgre når du kjem inn døraOversikt over kontor i 5. etasje på Sartor StorsenterEkspedisjon for barneverntenestaBarneverntenesta i nye lokaleBarneverntenesta i nye lokaleBarneverntenesta i nye lokaleBarneverntenesta i nye lokale

Ved uro

Er du uroleg for eit barn?

Lurer du på om eit barn eller ein ungdom vert utsett for vald eller overgrep?

Konsultasjonsteam for vald og overgrepssaker

  • Tverrfagleg samansett, representantar frå barnevern, BUP, familievern, helsestasjon, kommunepsykolog og rettleiarteam for barnehagar
  • Anonym drøfting av bekymring, råd om korleis gå vidare med saka
  • Ope for alle som har ei bekymring; både folk som møter dette gjennom jobb, og privatpersonar som foreldre, naboar eller andre

Kontaktinformasjon: Tlf: 55096000

Vi har møte ein tysdag i månaden. Ved behov kan teamet kallast inn på kort varsel, for akutt møte.

Her finn du meir informasjon om kosultasjonsteamet for vald og overgrep.

Kva tid bør eg melda frå til barnevernet?

Er du uroleg for eit barn, kanskje fordi du trur foreldra ikkje klarer å ta godt nok vare på barnet, bør du melda frå til barnevernet.

Korleis kan eg vita om det er alvorleg nok?

Er du uroleg, skal du melda frå uansett. Di melding kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera alvoret og om hjelp er nødvendig.

Kven skal eg snakka med i barnevernet?

Du kan ringja eller skriva eit brev til barneverntenesta i kommunen din. På kveldstid kan du kontakta barnevernsvakta der ho fins – eller ringja gratis til den landsdekkjande Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. nr. 116 111). Då vert uroa formidla vidare til barnevernet der barnet bur.

Kva skjer når eg melder ei uro til barnevernet?

Saksbehandlaren skriv ned det du fortel. Innan eí veke avgjer barnevernet om dei skal setja i gang ei undersøking eller om meldinga skal leggjast vekk. Ei undersøking skal vanlegvis ikkje gå føre seg lengre enn tre månader.

Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familier?

Barnevernet føreslår hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (åtte av ti) får hjelp heime hjå foreldra. Hjelpa kan eksempelvis vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

Må eg alltid gje opp namnet mitt?

Nei, du kan velja å vera anonym. Barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. Foreldra vil då ofte forstå kven som har meldt frå.

Får eg beskjed dersom saka vert lagt vekk?

Nei. Barnevernet har teieplikt. Det er annleis for tilsette i for eksempel skule eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.
Tida går og eg er framleis uroleg: Bør eg ringja eín gong til?
Ja. Du vil ikkje få vita kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du framleis er uroleg, er det likevel viktig at du tek kontakt og fortel kvifor.

Kan eg verta nøydd til å vitna i retten eller fylkesnemnda?

Du kan verta innkalt som vitne. Du har i så fall plikt til å møta og fortelja kvifor du har vore uroleg.

Kvar kan eg få vita meir om barnevernet?

Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på disse nettstadene:


Publisert: 26.05.2016 12:43
Sist endret: 12.09.2016 10:57
Barnevern

Besøksadresse:

Sartorvegen 12
5353 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 71 40