Facebook ikon Twitter logo Print side

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er BPA?

BPA er praktisk og personleg hjelp i dagleglivet til personar med nedsett funksjonsevne og omfattande behov for hjelp i det daglege.

Kommunen gjer vedtak om mengda hjelp pr. veke, og du kan sjølv velja når du vil bruka assistenten, kva vedkomande skal gjera og kven som skal vera assistenten din. Målet er at du skal ha eit mest mogeleg aktivt liv, trass i funksjonshemminga.

Kven kan søkja?

Du som har nedsett funksjonsevne.Familiar til barn med nedsett funksjonsevne.

Ordninga føreset at du må kunna rettleie assistenten sjølv (ta arbeidsleiarrolla) eller finna andre som tek arbeidsleiarrolla.

Korleis søkja?

Søk om brukarstyrt personleg assistent

Utfylt og signert søknadsskjema sender du til:

Fjell Kommune
Postboks 184
5342 Straume

Dersom andre søkjer for deg, må du legge ved signert fullmakt.

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmå eller treng hjelp til utfylling?

Kontakt heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.30)

Generell informasjon

Saksbehandlar vil ta kontakt for eit heimebesøk så snart råd er etter at søknad er motteken. I samtale med deg vert hjelpebehova konkretisert. Det vert vurdert om denne ordninga vil fungere i din situasjon og om anna type hjelp kan vera aktuell.

Dersom du får tildelt tenesta, vert det søkt etter assistent, og du vil vera med å velja ut den rette.

Lover


Publisert: 10.06.2016 10:51
Sist endret: 10.06.2016 10:51
Heimetenesta Sone Sotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90