Facebook ikon Twitter logo Print side

Bustønad

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er bustønad?

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva  grenser for inntekt som gjeld. No kan du og søkja bustønad til private bukollektiv.

Sjekk om du kan få bustønad

Korleis søkjer ein bustønad?

Vi ønskjer at du søkjer elektronisk. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Søk bustønad

Papirsøknader skal du senda til Fjell kommune v/ Bustadkontoret, Postboks 184, 5342 Straume.

Meld frå om endringar

Dersom du får samtykkje om bustøtte, treng du ikkje søkja kvar månad. Men du må melda frå skriftleg til kommunen

  • Dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du senda inn eige skjema)
  • Dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkja på nytt)
  • Dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • Dersom bukostnadene endrar seg
  • Dersom ein i huslyden vert student

Melda frå om endringar

Klage på vedtak

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylla ut eit eige klageskjema. Klagen skal du senda til kommunen.

Klage på vedtak om bustønad

Ønskjer du å søkja bustønad for komande månader, må du senda inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustønad på heimesida til Husbanken

Du kan også ta kontakt med bustadkontoret i kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Lover


Publisert: 18.05.2016 13:05
Sist endret: 18.05.2016 13:19
Bustadkontoret

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55 09 60 00