Facebook ikon Twitter logo Print side

AKTIV+

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er AKTIV+?

Dette er eit ope og gratis aktivitets- og kulturtilbod for yngre og eldre seniorar i Sotra Arena kvar tysdag kl. 10.30 - 14.00.

Vil du prøva ut tilbodet, er det berre å møta opp utan påmelding!

Nye deltakarar vil få informasjon om aktivitetar og omvising i hallen når dei kjem.

Treng du transport for å kunne delta, ring Fjell Frivilligsentral på tlf. 55 09 69 29.

Film om AKTIV+

Program

Du vel sjølv om du vil delta på alt eller berre delar av programmet kvar gong. Det er høve til å byta aktivitet etter dagsform og helsetilstand. Kom og gjerne med tips til nye aktivitetar og foredrag, dersom det er noko du saknar.

Oppdatert program for AKTIV+

Kl. 10.30 - 12.00: Aktivitetstilbod

  • Tur på grusveg i parken – forskjellige grupper som går ulik lengde
  • Trening i sal med instruktør
  • Balansegruppe i sal med fysioterapeut
  • Trening i styrkerom - volleyball - badminton – kulespel /petanque

Kl. 12.00 - 13.00: Kulturinnslag/foredrag

  • Nokre av tysdagane har Senioruniversitetet ansvaret for foredraget.

Kl. 13.00 - 14.00 Prat og måltid i kafeen.

  • Det er høve til å kjøpa seg middag/lunsj.
  • Kafé er open frå kl. 11-14.

Meir informasjon

Vil du vite meir, ring Fjell Frivilligsentral tlf. 55 09 69 29 eller skriv til frivillig@fjell.kommune.no

Oppdatert program finn du elles på :

Om oss

AKTIV+ vert driven av frivillige organisasjonar i samarbeid med Fjell kommune. Målet er å driva og vidareutvikla ein sosial og helsefremjade møtestad som seniorar ikkje kan gå glipp av!

Vi samarbeider om AKTIV+:

  • SØS – Senioruniversitetet
  • LHL Sotra
  • Fjell Frivilligsentral
  • Rotary
  • Fjell Turlag
  • Sotra Sportsklubb
  • Lions Club Sotra
  • Fjell Kystlag
  • Fjell kommune
  • Friskliv- og meistringssenteret

Dokument

Protokoll for årsmøte 2017

Nyttige lenkjer

AKTIVPLUSS på Facebook
Fjell kommune på Facebook
KVASKJERIFJELL på Facebook

Fotogalleri


Publisert: 30.05.2016 07:19
Sist endret: 30.05.2016 07:32
AKTIV+

Besøksadresse:

Idrettsvegen 50
5353 Straume

Telefon: 55 09 69 29