Facebook ikon Twitter logo Print side

Aktivitet 365

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er Aktivitet 365? 

Treningssenteret Aktiv365 inviterer til sosialt samvær og eit variert aktivitetstilbod. Ulike aktivitetar, både inne/ ute, og felles måltid saman med kjekke instruktørar og andre deltakarar, håpar vi kan fremja trivsel og helse.

Tilbodet er måndag og torsdag kl. 10.30-14.30

Aktivitetsprogram er til ei kvar tid tilpassa dei som deltek! For å delta, treng du lett/behagelig tøy, innesko, badetøy og klede for å vera ute. Ønskjer du å dusja, er det flotte dusjanlegg tilgjengeleg. Stundom er spa-behandling ein del av programmet. Flinke instruktørar er med gruppa heile dagen og passar på at opplegget er tilpassa di helse og dine ønske.

Meir informasjon i brosjyra til Aktivitet 365

Kven kan delta?

Tilbodet er for personar som har utfordringar med hukommelsessvikt/demenssjukdom og bur heime. Treng du transport, ordnar vi det.

Pris

Tilbodet kostar omlag kr 168,- kr per dag. Dette inkluderer ulike aktivitetstilbod, lunsj, middag og transport etter behov.

Korleis søkja?

Søk plass på Aktivitet 365

Send utfylt og signert skjema til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Treng du hjelp til søknad eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, kontakt gjerne heimetenesta/hukommelsesteamet på tlf. 55 09 71 90.

Billedgalleri


Publisert: 30.05.2016 07:43
Sist endret: 30.05.2016 07:49
Aktivitet 365

Besøksadresse:

Skjenet 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90