Facebook ikon Twitter logo Print side

Tysdag på Gjerdet

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er Tysdag på Gjerdet?

Dei på Gjerdet driv kafé og handverksbutikk, og inviterer til ein variert kulturell- og sosial møtestad kvar tysdag mellom kl. 10.30 og 14.30. Saman med dei, vil du kunna delta i ulike handverksaktivitetar, laga mat med utgangspunkt i lokal mattradisjon, gjera hagearbeid, skriva, lesa, nyta- eller spela musikk. For dei som likar å gå på tur, så er Nordsjøløypene rett utanfor kjøkenglaset.

Det er alltid noko å hengja fingrane i på Gjerdet gard, men heldigvis er det sjeldan noko som hastar. Vi vonar du vil delta på hausting og safting når det er tid for det, eller juletrehogst når det er tid for det. For Dei på Gjerdet er lokale mattradisjonar viktig. I tillegg til lett føremiddagsmat, vert det som avslutning på ein kulturell måndag, tilbod om eit stemningsfult middagsmåltid i dei gamle stovene.

Tilbodet vert drive av profesjonelle kulturaktørar med ekspertise innan handverk og mat. Du vil kunna møta både kokkar, skreddarar og skribentar på Gjerdet. Kommunen er ansvarleg for tilbodet.

Meir informasjon i brosjyra Tysdag på Gjerdet

Kven kan delta?

Tilbodet er for personar som har utfordringar med hukommelsessvikt/demenssjukdom og bur heime. Treng du transport, ordnar vi med det.

Pris

Tilbodet kostar kr 130 pr. dag. Dette inkluderer aktivitetstilbod, lunsj, middag og transport etter behov.

Korleis søkja?

Søk om plass på Tysdag på Gjerdet

Send utfylt og signert skjema til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Treng du hjelp til søknad eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, kontakt gjerne heimetenesta/hukommelsesteamet på tlf. 55 09 71 90.

Billedgalleri

Gjerdet kulturminnegard


Publisert: 30.05.2016 07:59
Sist endret: 30.05.2016 08:11
Tysdag på Gjerdet

Besøksadresse:

Bankesteinsvegen 5
5357 Fjell

Telefon: 55 09 71 90