Facebook ikon Twitter logo Print side

Ergoterapi

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Tilbod

Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen. Ergoterapeutar tilbyr vurdering, trening og tilrettelegging for deg som har utfordringar knytt til daglege aktivitetar.

Vi arbeider saman med deg for å finna tiltak og gode løysingar. Målet er at du skal meistra kvardagen din best mogleg. Ergoterapeutar gjer kvardagslivet mogleg.

Ergoterapeutar er ein del av det tverrfaglege tenestetilbodet ved rehabilitering og habilitering.

Ergoterapeut gjfev råd/rettleiing i bustad – og bilsaker.

Barn og unge

Barneergoterapeuten gjev tilbod til barn og unge som har utfordringar med bevegelse og aktivitet. Ergoterapeuten fokuserer spesielt på finmotorikk, ergonomi og hjelpemiddel.

Tilvisingsskjema - ergoterapi barn

Vaksne og eldre

Fjell kommune har ergoterapeutar som yter teneste til personer på institusjon og i heimen. Vi har som mål at du skal meistra aktivitet og deltaking i kvardagslivet. Vi kan koma heim til deg, eller du kan møta oss i våre lokale på Straume terapisenter

Ergoterapeuten hjelper deg med å trena og legg til rette aktivitetar i kvardagen din. Viss det er behov for å tilrettelegging heimen din, kan ergoterapeuten hjelpa deg med det.

Tilvisingsskjema - ergoterapi vaksne


Publisert: 18.05.2016 07:17
Sist endret: 18.05.2016 07:24
Ergo- og fysioterapitenesta

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 50