Facebook ikon Twitter logo Print side

Flyktningetenesta

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

På denne sida finn du informasjon om tilbod og tenester som er spesielt retta mot deg som er flyktning, innvandrar eller minoritetspråkleg. Dette kjem i tillegg til ordinære tenester og tilbod.

Brosjyre Velkommen til Fjell kommune

Bu i Fjell kommune

Flyktningar som ønskjer å bu i Fjell kommune, skal ta kontakt med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet IMDi. Flyktningar blir busett etter avtale mellom kommunen og IMDi.

Introduksjonsordning

Som ny flyktning i Fjell kommune kan du ha rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram:

Meir informasjon om introduksjonsprogram

I somme tilfelle vil også familiesameinte ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram.

Kontakt avdeling for Flyktningar og tenesteutvikling for å delta i introduksjonsprogrammet

Mål med introduksjonsprogrammet

  • Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • Tiltak som førebur til vidare opplæring eller jobb
  • Økonomisk uavhengigheit

Stønad under introduksjonsprogrammet

  • Deltaking i programmet gjev rett til introduksjonsstønad
  • Stønaden utgjer to gonger folketrygda sitt grunnbeløp på årsbasis
  • Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad
  • Stønaden er skattepliktig

Jobbsjansen

Jobbsjansen er eit samarbeid med IMDi og Fjell kommune der det vert arbeidd med å få kvinner med innvandrarbakgrunn i alderen 18-55 ut i arbeid eller aktivitet.

I Jobbsjansen er det i hovedsak to målgrupper:

  • Den eine gruppa er kvinner som kjem frå EØS-land og som ikkje har rett til gratis norskopplæring.
  • Den andre gruppa kom til Fjell kommune som flyktninger for 4 år siden eller mer.

Kriteriet for deltakelse i Jobbsjansen er at dei ikkje har rett på introduksjonsprogram og at dette er fullført to år før dei tek til i Jobbsjansen.

Brosjyre om Jobbsjansen

Søknadsskjema

Ein god start

Fjell kommune og organisasjonen Way Forward samarbeidar med å integrera barn og unge med innvandrarbakgrunn gjennom idrett og aktivitetar.

Integreringsutval i Fjell

Utvalet er leia av rådmann og ordførar, og er samansett av 12 busette flyktningar i Fjell kommune.

Det er rådslag kvar sjette veke etter ein fast møteplan, og avdeling for flyktningar og tenesteutvikling er sekretariat for rådslaget. Ulike tenesteområde i kommunen deltek i rådslaget alt etter kva som vert tema på møta.

Gjennom rådslaget vil kommuneleiinga få viktige tilbakemeldingar, både når det gjeld busetting, inkludering og integrering i samfunnet. Gjennom eit rådslag som dette er det von om å sikra deltaking, myndiggjering, og involvering i lokalmiljø

Politisk og administrativ leiing ønskjer å høyra om kvardagen til dei med flyktningebakgrunn, og få eit innblikk i korleis dei har det i Fjell kommune.

  • Korleis opplever dei kommunen når det gjeld arbeid og bustad?
  • Kva slags utfordringar opplever dei i kommunen?
  • Kva kan dei bidra med, og korleis?
  • Kva slags kultur hadde dei i heimlandet som vi kan læra av her?
  • Korleis kan vi i fellesskap bidra til at Fjell blir eit internasjonalt lokalsamfunn.

Tolketenester

Dersom du har manglande norskkunnskapar, har du krav på tolk i møte med kommunale tenester. Det er tenestestaden som bestiller og betalar tolken. Du kan ikkje sjølv bestilla tolk.

Tolking går føre seg på telefon, eller ved at tolken møter opp personleg til samtalen.

Tolken har teieplikt og skal vera kvalifisert.


Publisert: 11.05.2016 10:08
Sist endret: 11.05.2016 10:18
Kraftsenteret

Besøksadresse:

Grønamyrsvegen 4
5353 Straume

Telefon: 55 09 68 10