Facebook ikon Twitter logo Print side

Friskliv og meistring

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er Friskliv Fjell?

Friskliv Fjell er ein del av Fjell kommune sitt førebyggjande helsearbeid som tilbyr hjelp til å starta ein endringsprosess og å meistra nye levevanar.

Tilbodet er særskilt retta mot vaksne personar som har auka risiko for sjukdom eller har ei diagnose der fysisk aktivitet, endra kosthald og røyke- og eller snus slutt har ein førebyggjande effekt.

Friskliv Fjell er eit tilbod for innbyggjarar i Fjell kommune.

Kva kan vi tilby?

Friskliv Fjell har ulike tilbod til vaksne. Vi tilbyr aktivitetar og oppfølging med tanke på betre helse og auka livskvalitet. Målet er å styrka deltakaren som aktør i eige liv.

Friskliv Fjell samarbeider tett med Frisklivs- og meistringssenteret Fjell, Sund og Øygarden som arrangerer livsstilskurs, røykesluttkurs og meistringskurset «Livet i bevegelse».

Frisklivsresept

Frisklivsresept er eit tilbod til deg som ønskjer hjelp til å endra levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk. Fastlege/lege kan skriva ut ein frisklivsresept.

Friskliv Fjell sitt tilbod er under oppbygging og tilbodet er for tida retta mot personar som:

  • Har diabetes 2, KOLS, hjarte/karsjukdom eller fedme
  • Ønskjer å slutta å røyka- og eller snusa

Vi har ein helsesamtale ved oppstart, undervegs og ved slutten av oppfølgingsperioden. Saman utarbeider vi ein plan og mål for endringene du vil gjera, og vurderer kva tilbod som er det rette for deg.

Dersom vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod gjev vi deg nødvendig informasjon.

Oppfølging på Frisklivsresept varer i 6 mnd.

Det blir gitt tilbakemelding til fastlege.

Kurs

Leve godt med KOLS - oppstart veke 42

Kurset har totalt 24 samlingar. Trening to gonger i veka. Torsdagar vert det samtalegruppe eller kosthaldsgruppe etter trening.

Tema for gruppene vil variere, men gjennomgåande er korleis du kan få best mogeleg livskvalitet og fremme kvardagsmeistring.

Du vil kunne trene i trygge omgjevnadar, dele erfaringar og lære av andre.

Det er viktig at du kjem deg til trening og heim att sjølv. Vi kan ikkje administrere medisin for deg, så det er viktig at du kan rådføre deg med lege om eventuelle justeringar av medisin i samband med treninga.

Kursinformasjon

Datoar: 12 veker frå veke 42.
Kl. Tysdag kl. 11.30 - 13.00 og torsdag kl. 11.30 - 13.45
Stad: Sprek og Blid, Straume
Pris: Kursavgift kr. 500,-. Betaling til Sprek og Blid når de kjem første gong.

Om kurset

Å leve med KOLS kan føre til store endringar i kvardagen.
Kurset er for deg som:

  • Vil trene i gruppe leia av fysioterapeut i lag med andre i liknande situasjon
  • Treninga vet tilpassa kvar einskild
  • Ønskjer å snakke med andre om å leve med ein alvorleg sjukdom
  • Ønskjer å lære meir om kosthald for å meistre sjukdommen best mogleg

Kurset er utvikla av helsepersonell.

Målgruppe

Kurset er for deg over 18 år og som har KOLS. Du må sjå nytte av å trene og ønskje å lære meir om å leve med sjukdommen.

Påmelding og spørsmål

E-post: fms@offentleg.no eller tlf.: Frisklivs- og meistringskoordinator 55 09 68 59 | 482 22 285.

Arrangør

Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden i samarbeid med Sprek og Blid Straume.

Golf ein idrett for alle - kvar fredag

Dei aller fleste kan spele golf. Gjennom Golf grønn glede vil Sotra golfklubb tilby eit tilrettelagt golftilbod som gir deltakarane moglegheit til å vere aktive etter eigne ønskjer og føresetnader.

Golf Grønn Glede Sotra tilbyr

  • Eit fast golftilbod fredagar kl. 11.00-13.00 på pitch & put-banen, kr. 50 ,- pr. time.
  • Spele golf med rettleiing.
  • Sosial samling i klubbhuset etter spel på banen.
  • Fritt lån av køller og ballar på pitch & put-banen.
  • Moglegheit for individuell trening på driving range, 2 klipp pr. person på ballkort.

Målgruppe

Langtidssjukemeldte, kreftramma, personar med hjarte- og karsjukdom, personar med nevrologiske sjukdommar eller tilstandar, diabetikarar, personar med psykiske helseproblem, personar med rusmiddelproblem eller andre som av ulike årsakar er til behandling.

Påmelding

Meld deg på til Friskliv- og meistringssenteret på tlf. 55 09 68 59 | 450 33 267.

Påmeldingsfrist torsdagar kl. 12.00

Her finn du Sotra Golfklubb

Sotra Golfklubb og banen til Kobbeltveit Golf- & Naturpark, Berglia 10, 5363 Kolltveit.

Om Golf Grønn Glede

Sotra golfklubb deltek i eit prosjekt kalt Grønn glede. Prosjektet har til føremål å få menneske som av ulike grunnar ikkje er så aktive, meir ut i aktivitet og samstundes ha det kjekt. Alle golfspelarar delar opplevinga av glede ved spelet, naturoppleving og samhald.

Om Sotra Golfklubb

Sotra golfklubb har ca 900 medlemmar i alle aldrar og held til på Kobbeltveit golf- og naturpark på Kolltveit. Klubben har eit unikt sosialt miljø og arrangerar golfkurs kvar månad i sesongen.

Golfbanen består av ein 9-hols hovudbane og ein 9-hols pitch & put-bane. På pitch & put-banen kan alle spele og det er ikkje krav til medlemsskap eller golfkort. På hovudbanen er det krav til golfkort for å kunne spele.

Oppå Kolltveittunellen ligg drivingrangen, ein treningsplass med 20 utslagsmatter, stor puttinggreen og sandbunker. Som deltakar i Grønn glede kan ein få 2 klipp (40 ballar) til bruk på rangen for individuell trening.

Livet i bevegelse - oppstart 16. oktober 2017

Har du ein kvardag som er prega av helseutfordringar? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar?

Å leve med helseutfordringar kan føre til store forandringar i kvardagen. Kurset er for deg som ønskjer:

  • Få kunnskap og prøve ut ulike meistringsverktøy
  • Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar
  • Treffe og lære av andre som lever med helseutfordringar

Om kurset

Kurset har fem samlingar med ulike tema:

  • Kvardagsglede
  • Tankens kraft
  • Tilstade i eige liv
  • Tru på eigne ressursar
  • I balanse

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar og du vil få moglegheit til både å høyre, snakke, reflektere og øve i gruppa. Du vil få ei mappe der du kan samle materiell frå samlingane.

Målgruppe

Kurset er for deg over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsatt funksjonsevne og/eller kronisk psykiske eller fysiske belastningar. Pårørande kan og delta.

Dato

  • 16. oktober
  • 23. oktober
  • 6. november
  • 13. november
  • 27. november

Tid

Kl. 11.00 - 14.00

Stad

Sotra Arena i VIP-rommet

Pris

 Tilbodet kostar kr 500,- inkludert lunsj og kursmateriell

Påmelding

Send e-post til fms@offentleg.no eller telefon 55 09 68 59.

Ved spørsmål ta kontakt med Friskliv- og meistringssenteret på telefon 450 33 267 eller Kreftkoordinator på telefon 909 63 266

Kurspersonell

Kurset er utvikla og vert leia av både helsepersonell og menneske som sjølv lever med helseutfordringar.

Helsepersonell har fagleg kunnskap og oversikt over aktuelle hjelpetiltak. Brukarrepresentantar har kunnskap om det å leve med langvarege helseutfordringar og bidreg med eigen kunnskap og erfaring.

Arrangør

Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden i samarbeid med kreftkoordinator i Fjell og Sund.

Livsstilskurs - oppstart 5. oktober 2017

Har du ein kvardag som er prega av helseutfordringar? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar?

Å leve med livsstilsrelaterte plager kan føre til store utfordringar i kvardagen. Kurset er for deg som ønskjer:

  • Meir teoretisk og praktisk kunnskap om sentrale tilrådingar for fysisk aktivitet og kosthald
  • Å få kunnskap om endringsprosessar og verktøy ein kan nytte
  • Å treffe andre som har gjort endringar i livsstilen og høyre deira erfaringar

Målgruppe

Kurset er for deg over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsatt funksjonsevne og/eller kronisk psykiske eller fysiske belastningar. Pårørande kan og delta.

Kurset er for deg over 18 år som har diabetes 2, hjarte-/ karsjukdom, KOLS eller overvekt med BMI over 30.

Kurset er utvikla og vert leia av helsepersonell og brukarrepresentantar.

Om kurset

Kurset har seks samlingar med ulike tema:

  • Vanar og endringsprosessar
  • Smart mat for god helse
  • Oppmerksam og tilstade i eige liv
  • Tankens kraft
  • "Fordi det er feitt"
  • Kvardagsaktivitet

Trening

Det er trening to ganger i veka frå kursstart og i seks månader.

Dato

  • 5. oktober 2017
  • 19. oktober 2017
  • 9. november 2017
  • 30. november 2017
  • 14. desember 2017
  • 11. januar 2018

Tid

Kl. 09.15 - 15.00

Stad

Sotra Arena VIP-rommet

Pris

Tilbodet kostar kr 500,- inkludert lunsj og kursmateriell

Påmelding

Tilvising til kurset på frisklivsresept frå fastlege eller spesialist. Leverast din lokale frisklivssentral.

Har du spørsmål?

Kontakt oss på Friskliv- og meistringssenteret for meir informasjon på tlf. 55 09 68 50/450 33 267.

Arrangør

Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden.

Treningsgrupper

Kom i gang

Eit tilbod for deg som treng hjelp til å koma i gang med trening.

Treningstimen inneheld ein uthald- styrketrening i fin kombinasjon. Vi brukar enkle, men effektive øvingar der det berre er du sjølv som set dine grense.

Timen vert leia av fysioterapeut med godt høve til å tilpassa øvingar ved behov.

Pris

Gult kort kr. 200.- som gjev deg 3 mnd. deltaking i treningsgruppa

Gågruppe

Eit tilbod for deg som treng hjelp til å kome i gang med uteaktivitet, og/eller som ønsk,er å ha nokon å gå på tur saman med.

Du møter ein turleeiar som tek deg med på ein tur i turløypene ved Sotra Arena.

Turen er for alle og tempo vert tilpassa deltakarane i gruppa.

Pris

Tilbodet er gratis.

Bli med på Bli Sterkare Styrke!

Sirkeltrening kor me arbeidar med enkle og effektive øvingar for å styrke kroppens store muskelgrupper og kjernemuskulatur. Ukomplisert utstyr nyttas og inspirerande instrukt ørar tilpassar øvingane slik at alle finn riktig belastningnivå. Gruppetimen som passar alle!

Perfekt for deg som ønskjer å kome i gong med styrketrening!

Dato

Måndagar og/eller onsdagar frå 24. april til 21. juni.

Tid

Kl. 19.00 - 20.00

Stad

Kolltveit skule

Påmelding

www.springbergen.no eller kontakt Irene C. F. Kjønnerød ved FMS på tlf. 450 33 267

Lover

Helse- og omsorgstenestelova
Folkehelselova

Lenkjer


Publisert: 03.06.2016 12:58
Sist endret: 01.08.2017 14:46
Friskliv- og meistringssenteret

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 59