Facebook ikon Twitter logo Print side

Friskliv

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er Friskliv Fjell?

Friskliv Fjell er ein del av Fjell kommune sitt helsefremmande og førebyggjande helsearbeid som tilbyr hjelp og støtte til å starta ein endringsprosess og å meistre nye levevanar.

Tilbodet er særskilt retta mot vaksne personar som har auka risiko for sjukdom eller har ei diagnose der fysisk aktivitet, endra kosthald og røyke- og/eller snusslutt har ein helsefremmande eller førebyggjande effekt.

Friskliv Fjell er eit tilbod for innbyggjarar i Fjell kommune.

Kva kan vi tilby?

Friskliv Fjell har ulike tilbod til vaksne. Vi tilbyr aktivitetar og oppfølging med tanke på betre helse og auka livskvalitet. Målet er å styrka deltakaren som aktør i eige liv.

Tilboda er i hovudsak gruppebasert og ein må kunne sjå nytte av å dele erfaringar og lære av andre. Tilboda erstattar ikkje individuell oppfølging frå autorisert helsepersonell.

Friskliv Fjell samarbeider tett med Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden som arrangerer mellom anna Bra Matlivsstilskurs, røykesluttkurs, meistringskurset «Livet i bevegelse», «Leve godt med kols» og «Vanar for livet» eit familiebasert livsstilskurs.

Frisklivsresept

Om du ønskjer hjelp og støtte til å endre vanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk kan fastlege eller spesialist skrive ut frisklivsresept til deg.

Frisklivsresept

Friskliv Fjell sitt tilbod er særskilt retta mot personar som

  • Har, eller står i fare for å utvikle, diabetes 2, hjarte/karsjukdom, overvekt/fedme og KOLS
  • Ønskjer å slutta å røyke- og/eller snuse
  • Er slankeoperert, eller vurdere slankeoperasjon

Vi har ein helsesamtale ved oppstart og ved slutten av oppfølgingsperioden. Saman utarbeider vi ein plan og mål for endringane du vil gjere, og vurderer kva tilbod som er det rette for deg.

Dersom vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod gir vi deg nødvendig informasjon.

Oppfølging på Frisklivsresept varer i 6 månadar.

Det blir gitt tilbakemelding til fastlege.

Kurs

Bra Mat - for deg som vil ta gode matval

Bra Mat for betre helse er eit kurs for personar som kan ha nytte av å gjere endringar i vanar med fokus på kosthald. Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratet sine anbefalingar for eit godt kosthald for betre helse. Målet er å motivere til auka merksemd om matvanar og matvareval.

Kurset er for deg som ønskjer

  • Motivasjon til å gjere endringar i kosthaldet
  • Ta gode matval
  • Bli kjent med varedeklarasjon
  • Tips og råd om gode alternativ

Kurset har 4 samlingar på 2-3 timar. Tema for samlingane er

  1. Små skritt, store forbetringar!
  2. Må det søte liv smake søtt?
  3. Ikkje eitt fett? Varedeklarasjon
  4. Maten er servert! Vegen vidare.

Pris kr. 250 som dekker mat og kursmateriell.

Har du spørsmål? Kontakt Friskliv Fjell / Janicke eller Unn på telefon 55 09 68 50.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Arrangør Friskliv Fjell

Leve godt med KOLS - få betre pust og meir energi

Å leve med KOLS kan gje utfordringar i kvardagen. Kurset er for deg  som er diagnostisert med KOLS og ønskjer betre pust og meir energi. Kurset inneheld gruppetrening og samtalegruppe. Treningane blir leia av fysioterapeut.

Kurset er for deg som ønskjer

  • Å trene i gruppe med andre som har KOLS
  • Å dele erfaringar med andre som har KOLS
  • Gode grunner til å ete mat som er bra ved KOLS
  • Å tenke gode tankar
  • Å vere god med deg sjølv

Kurset går over 12 veker med trening 2 gonger i veka og samtalegruppe 1 gong i veka etter trening. Tema for samtalegruppene er mellom anna

  1. Kosthald og KOLS.
  • Korleis få energi av mat
  • Stabil vekt
  • Grunnar til å ete bra, om næringsstoff og behov.
  1. Styrke- og kondisjonstrening og KOLS
  2. Tankens kraft
  3. Sjølvmedkjensle
  4. Den livgjevande pusten

Pris kr 500. Betaling til Sprek og Blid på første samling

Spørsmål og påmelding til Frisklivs- og meistringssenteret på telefon 55 09 68 59 eller e-post fms@offentleg.no. Du kan ta kontakt gjennom din lokale frisklivssentral.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden i samarbeid med Sprek og Blid Straume

Livet i bevegelse - for deg som ønskjer gode kvardagar

Å leve med helseutfordringar kan føre til store forandringar i kvardagen. Livet i bevegelse er eit kurs med fokus på dei gode tinga i kvardagen. Målet er å gje deltakarane tru på eigne ressursar for sjølv å skape seg gode kvardagar.

Kurset er for personar over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne, kronisk psykiske eller fysiske belastningar eller kreft. Pårørande kan og delta.

Kurset er for deg som ønskjer

  • Bli meir medviten om ulike verktøy for å ha gode kvardagar
  • Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar
  • Møte andre som lever med helseutfordringar
  • Moglegheit for å dele eigne erfaringar

Kurset har 5 samlingar på 3 timar. Tema for samlingane er

  1. Kvardagsglede
  2. Tankens kraft
  3. Tilstade i eige liv
  4. Tru på eigne ressursar
  5. I balanse

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar og du vil få moglegheit til både å høyre, snakke, reflektere og øve i gruppa.

Pris kr. 500 som inkluderer lunsj og kursmateriell.

Har du spørsmål? Kontakt Anita på telefon 55 09 68 59, eller Kreftkoordinator på telefon 909 63 266. Du kan og ta kontakt gjennom din lokale frisklivssentral.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Påmelding Til Frisklivs- og meistringssenteret på e-post til fms@offentleg.no eller telefon 55 09 68 59, Kreftkoordinator på telefon 55 09 71 86 / 909 63 266 eller gjennom din lokale frisklivssentral.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden i samarbeid med Kreftkoordinator i Fjell og Sund

Livsstilskurs - for gode vanar

Gode vanar kan gi god helse! Livsstilskurset er for personar over 18 år som har, eller står i fare for å utvikle diabetes 2, hjarte- og karsjukdom og overvekt/fedme. Kurset har som mål å leggje til rette for betre kosthald, auka fysisk aktivitet og vere meir til stades i eige liv. Du må sjå nytte av å dele erfaringar og lære av andre. Pårørande kan og delta.

Du må ha Frisklivsresept for å delta på kurs. Fastlege/lege kan skrive ut frisklivsresept.

Kurset er for deg som ønskjer

  • Motivasjon til å gjere endringar
  • Å blir meir medviten eige kosthald og aktivitetsvanar
  • Oppdage og utvikle tru på eigen endring
  • Finne val som passer for deg
  • Å treffe andre som har gjort endringar for betre helse og høyre deira erfaringar
  • Gjere endringar saman med andre

 Kurset har 6 samlingar frå kl. 09 – 15. Tema for samlingane er

  1. Vanar og endringsprosessar
  2. Smart mat for god helse
  3. Oppmerksam og tilstade i eige liv
  4. Tankens kraft
  5. "Fordi det er feitt"
  6. Kvardagsaktivitet

Det er trening to gangar i veka i kursperioden. Ei styrketrening inne i sal (Sotra Arena) og ei kondisjonstrening ute i løypene ved Sotra Arena.

Pris kr. 500 som dekker lunsj og kursmateriell.

Har du spørsmål? Kontakt  din lokale frisklivssentral, eller Frisklivs- og meistringssenteret på telefon 55 09 68 59 eller e-post fms@offentleg.no.

Påmelding skjer via din lokale frisklivssentral.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden

Vanar for livet - eit familiebasert livsstilskurs

Eit familiebasert livsstilskurs for familiar som har barn i alder 5 – 10 år med overvekt eller fedme. Familien må ønskje, og sjå behov for å gjere endringar i kosthald og fysisk aktivitet. Kurset består av samtalegrupper, praktiske øvingar, fysisk aktivitet og bevegelseglede og heimeoppgåver.

Kurset passer for familiar som ønskjer

  • Å bli meir medvitne på eigne val
  • Å ta gode val i kvardagen – for heile familien
  • Oppdage og utvikle tru på eigen endring
  • Finne val som passer for familien
  • Å lære å setje grenser
  • Styrke forholdet mellom barn og foreldre
  • Finne gode alternativ til kos og påskjønning
  • Gjere endringar saman med andre

Kurset har 10 samlingar på 2 timar. Tema for samlingane er

  1. Kom i gang - Korleis kome i gong med endring
  2. Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
  3. Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
  4. Ta kontroll - Om å setje grenser og ta ansvar for gode val og vanar
  5. Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
  6. Å vere til stades - Korleis ete for god helse
  7. Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
  8. Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å vekse og fungere som den skal
  9. Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre, og korleis få fram dei gode tankane
  10. Hald ut! - Om vegen vidare – på eigenhand

Pris kr. 1000 som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.

For spørsmål og påmelding kontakt Frisklivs- og meistringssenteret på telefon 55 09 68 59 eller e-post fms@offentleg.no. Det er og mogleg å ta kontakt gjennom din lokale helsestasjon eller helsesøster.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden

Tobakksfri - for å slutte å røyke eller snuse

Eit sluttekurs for deg som ønskjer å bli røyke- eller snusfri saman med andre.

Kurset har 6 samlingar på 1.5 time. Dei 3 første samlingane handlingar om førebuing til å slutte og de 3 siste møta gir oppfølging, motivasjon og støtte til å halde seg tobakksfri.

Kurset passer for deg som ønskjer

  • Motivasjon til å slutte
  • Dele erfaringar med andre
  • Praktiske og mentale førebuingar til å slutte
  • Effektive tiltak for å takle snus-/røykesug
  • Støtte og oppmuntring frå andre i same situasjon
  • Strategiar for å halde deg snus-/røykfri

Pris kr. 200

Påmelding til Frisklivs- og meistringssenteret på e-post fms@offentleg.no eller telefon 55 09 68 59. Du kan og ta kontakt via din lokale frisklivssentral.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden

Kurskalender

Treningstilbod

Kom i gang

Eit tilbod for deg som treng motivasjon og rettleiing til å kome i gong med trening, og som har behov for fysisk aktivitet for betre helse. Enkel uthald- og styrketrening i sal med effektive øvingar. Treninga blir leia av fysioterapeut som tilpassar øvingane ved behov.

Du må ha frisklivsresept for å delta på tilbodet. Fastlege/lege kan skrive ut frisklivsresept.

For spørsmål kontakt Janicke på telefon 55 09 68 50

Pris Gult kort kr. 300.- som gir deg 3 månadar med deltaking i treningsgruppa. Gult kort kan du kjøpe i resepsjonen på  terapisenteret når du har frisklivsresept.

Gågruppe

Ei gågruppe for deg som treng motivasjon til å kome i gong med uteaktivitet, eller ønskjer å ha nokon å gå på tur saman med. Gågruppa er for personar som har behov for fysisk aktivitet for betre helse og som kan gå i 1 time.

Du møter ein turleiar som går saman med gruppa i turløypene ved Sotra Arena.

Turen er for alle og tempo vert tilpassa deltakarane i gruppa.

For spørsmål kontakt Unn på telefon 55 09 68 50.

Pris Gratis

Yogakurs

Eit begynnarkurs i yoga for dei som ønskjer å finne ut om yoga er noko for deg. Kurset går over 8 gonger og ein må vere med frå starten av. Kurset blir halden av fysioterapeut som er yogainstruktør. Kurset er for personar som har behov for fysisk aktivitet for betre helse.

Du må ha frisklivsresept for å delta på tilbodet. Fastlege/lege kan skrive ut frisklivsresept.

For spørsmål kontakt Unn på telefon 55 09 68 50.

Pris Gult kort kr. 300.- som gir deg plass på yoga i kursperioden. Gult kort kan du kjøpe i resepsjonen på terapisenteret når du har frisklivsresept.

Kondisjonstrening ute

Kondisjonstrening i idrettsparken ved Sotra Arena. Ein må vere i stand til å trene samanhengande i 1 time, og bevege seg i minimum 3 kilometer. Treninga blir leia av fysioterapeut i lag med erfarne brukarar som tidligare har deltatt på livsstilskurs.

Tilbodet er for deltakarar på livsstilskurs. Personar med frisklivsresept kan delta etter tilvising frå Frisklivssentralen og i samråd med fysioterapeut.

Pris Gult kort kr. 300.- som gir deg 3 månadar med deltaking i treningsgruppa. Gult kort kan du kjøpe i resepsjonen på terapisenteret når du har frisklivsresept.

Styrketrening i sal

Styrketrening som brukar enkle og effektive øvingar for betre styrke. Ein må vere i stand til å trene samanhengande i 1 time. Treninga blir leia av fysioterapeut i lag med erfarne brukarar som tidligare har deltatt på livsstilskurs.

Tilbodet er for deltakarar på livsstilskurs. Personar med frisklivsresept kan delta etter tilvising frå Frisklivssentralen og i samråd med fysioterapeut.

Pris Gult kort kr. 300.- som gir deg 3 månadar med deltaking i treningsgruppa. Gult kort kan du kjøpe i resepsjonen på terapisenteret når du har frisklivsresept.

Vi anbefaler

Tilbod som ligg utanfor Friskliv Fjell, men som er gode alternativ til deg som ønskjer å trene eller vere fysisk aktiv.

Golf grønn glede

Golf med rettleiing utan krav om kjennskap til golf. Ingen krav om eige utstyr. Trening og spel på pitch og putbanen. Sosial samling i klubbhuset etter spel på banen med enkel servering.

Tilbodet er ope for alle som vil.

Påmelding til Irene ved Frisklivs- og meistringssenteret på telefon 450 33 267 / 55 09 68 59 innan torsdagar kl. 12.

Arrangør Sotra Golfklubb på Kolltveit

Pris Kr. 100 per gong som inkluderer lån av utstyr og enkel servering.

Bli Sterkare Styrke

Innandørs styrketrening i sirkel med fokus på å auke styrken i kroppens viktigaste muskelgrupper og kjernemuskulatur ved hjelp av funksjonelle øvingar. Treninga brukar enkelt utstyr og har instruktørar som inspirerer og tilpassar øvingane slik at alle finn riktig nivå for belastning. 12 økter à 60 minuttar.

Tilbodet er ope for alle, og passer for alle, spesielt nybegynnarar som ønskjer å kome i gang med styrketrening.

Påmelding  via Bedriftsidretten i Hordaland sine nettsider

Arrangør Bedriftsidretten i Hordaland

Pris Kr. 1200 for 12 økter

Bli Sterkare Puls

Innandørs styrketrening i sirkel med fokus på å auke styrken i kroppens viktigaste muskelgrupper og kjernemuskulatur ved hjelp av funksjonelle øvingar. Treninga brukar enkelt utstyr og har instruktørar som inspirerer og tilpassar øvingane slik at alle finn riktig nivå for belastning. 12 økter à 60 minuttar

Tilbodet er ope for alle. Passer godt for personar som har trena litt før og som liker å presse seg litt.

Påmelding  via Bedriftsidretten i Hordaland 

Arrangør Bedriftsidretten i Hordaland

Pris Kr. 1200 for 12 økter. Ved deltaking på 2 grupper på same skule er det 20% rabatt dersom ein melder seg på gruppene samla.

AKTIV+

Eit aktivitets- og kulturtilbod for yngre og eldre seniorar.

Kl. 10.30 – 12.00 Trening og bevegelse.
Vel mellom tur på grusvei i idrettsparken med forskjellige grupper som går ulik lengde, trening i sal med instruktør, balansegruppe i sal leia av fysioterapeut, trening i styrkerom, volleyball og badminton.

Kl. 12 - 13 Kulturinnslag eller foredrag.
Kl. 13 – 14 Prat og måltid i kafeen med høve til å kjøpe seg lunsj/middag.

Kafeen er open frå kl. 11 – 14 for dei som bare vil vere der.

Påmelding Ingen, det er bare å møte opp på Sotra Arena.

Arrangør Aktiv+ som blir driven av frivillige organisasjonar i samarbeid med Fjell kommune.

Tid og stad Tysdagar kl. 10.30 – 14.00, men det er mogleg å kome, og gå når ein vil.

Pris Gratis, men ein betalar for det ein kjøper i kafeen og for foredrag som er i regi av Senioruniversitetet

Her finn du program og meir informasjon om AKTIV+.

Eigentrening i basseng

Eigentrening i terapibasseng (34⁰C). Påbod med badetøy, badehette og god kroppsvask før ein går i bassenget. Tilbodet gjeld så lenge ein har behov (mellom 3 månadar – 1 år). Ved stor pågang i bassenget blir nye brukarar prioritert. Badstove er også tilgjengeleg.

Tilbodet er for innbyggjarar i Fjell kommune som har tilvising for helsegevinst av å vere i terapibasseng. Du kan få tilvising frå fastlege, fysioterapeut, behandlar, Kreftkoordinator eller Friskliv Fjell.

Påmelding Bestill plass på telefon 55 09 69 01 eller 55 09 68 50. Det er viktig å gi beskjed viss du er påmeldt men ikkje kan kome for å gje plassen til andre.

Arrangør Ergo – og fysioterapitenesta i Fjell kommune

Tid og stad Du kan velje mellom måndagar, torsdagar eller fredagar kl. 15 – 16 på Straume terapisenter

Pris – Gratis

Lenkjer


Publisert: 24.10.2017 07:34
Sist endret: 24.10.2017 08:06
Friskliv

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55096850