Facebook ikon Twitter logo Print side

Fysioterapi

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Korleis få fysikalsk hjelp?

Fysioterapi er organisert i ein kommunal og ein privat del. Privat fysioterapi er knytt til ulike fysikalske institutt. På dei fysikalske institutta er det fysioterapeutar med og utan driftsavtale.

Ved behov for kommunalt tilsette fysioterapeutar: Bruk tilvisingskjema for barn og vaksne, eller ha med tilvising frå lege. Send tilvising til Ergo- og fysioterapitenesta i Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume.

Tilvisingsskjema - barn Tilvisingsskjema - vaksne

Fysioterapitenesta

Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen. Fysioterapeutar jobbar med førebyggjande helsearbeid, habilitering, rehabilitering og tilbyr undersøking, behandling, trening og tilrettelegging til menneske som har utfordringar knytt til bevegelse og aktivitet.

Vi arbeider samen med deg for å finna tiltak og gode løysningar. Målet er at du skal meistra kvardagen din best mogleg.

Barn og unge

Fysioterapi for barn og unge med nedsett funksjonsevne og motoriske vanskar, vert stort sett fylgt opp av kommunalt tilsette. Vi er på helsestasjonen, reiser på heimebesøk og har nært samarbeid med barnehage/skule.

Ved akutt skade/smerte, ta kontakt med privat institutt. Fysioterapeutar har også ansvar for å vurdera, søkja og tilpassa hjelpemiddel til målgruppa, saman med ergoterapeut for barn og unge.

Informasjon om tekniske hjelpemiddel

Vaksne og eldre

Kommunalt tilsette fysioterapeutar kan gje teneste til personar over 18 år som bur heime og har vanskeleg for å nytta fysioterapi på institutt. Vi arbeider også med vurderingar/tiltak til menneske som bur på institusjon.

Terapibasseng

Lege, manuell terapeut eller kiropraktor skriv tilvising dersom ein har behov for behandling og opptrening etter sjukdom og skade eller ved kroniske lidingar. Dette kan vera individuell oppfølging eller gruppetrening.

Informasjon om tilbod i terapibasseng

Gruppetrening

Gruppetrening ved ergo- og fysioterapeutar. Vi har desse gruppene:

Eigendel

Nokre fysioterapeutar på institutt har driftsavtale med Fjell kommune. Hos fysioterapeutar med driftsavtale betaler ein eigendel opp til frikort eigendelstak 2. Nokre diagnoserelaterte grupper har unntak for eigendel.

Sjå meir på helfo.no

Eigenbetaling avheng også av kva type behandling du skal ha.

Privat institutt

Kontakt aktuelt institutt for å bestilla time. Ha med tilvising frå lege. Det er ikkje behov for tilvising dersom ein nyttar Manuell fysioterapi.

Oversikt over private fysikalske institutt


Publisert: 18.05.2016 07:26
Sist endret: 18.05.2016 07:32
Ergo- og fysioterapitenesta

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 50