Facebook ikon Twitter logo Print side

Tekniske hjelpemiddel

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Tenesta skal gje deg ein lettare kvardag ved hjelp av tekniske hjelpemiddel. Hjelpemidla skal vere med å betra arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for personar med sjukdom, skade eller lyte.

Hjelpemidla skal vera nødvendige og formålstenlege og kompensera for manglande funksjon.

Kortvarig behov

Treng du låne hjelpemiddel for ein kort periode (opptil 3 mnd) kan du låne frå det kommunale hjelpemiddellageret.

Varig behov

Har du varig behov, kan ergo- eller fysioterapeut hjelpe deg med å skrive søknad til NAV – Hjelpemiddelsentralen.

Informasjon om bestilling av hjelpemiddel - NAV

Pris

Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov, eigenandel for krykkjer.

Hjelpemiddel ved varig behov blir dekt av folketrygda, viss ein får søknaden innvilga.

Hjelpemiddel

Eksempel på hjelpemiddel som du kan låna frå kortidslageret:

  • Dusjstol
  • Arbeidsstol/kontorstol
  • Krykkjer - depositum
  • Manuell rullestol
  • Rullator
  • Toalettforhøgar med og utan armlene

Høyrselshjelpemiddel

I Fjell kommune er det åtte høyrselskontaktar og ein hovudhøyrselskontakt. Brukarar som har høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel, kan få hjelp til opplæring, stell og vedlikehald av hjelpemidla.

Høyrselskontakten sitt arbeidsområde er delt slik at to har ansvar på Fjell sjukeheim, ein på Straume bu- og servicesenter, to på Kvednatunet og tre er knytt til heimesjukepleien. Hovudhøyrselskontakten er bindeleddet mellom høyresentralen, hjelpemiddelsentralen og dei kommunale høyrselskontaktane.

Har du behov for høyrselstekniske hjelpemiddel eller andre hjelpemiddel kontakt ergo-/fysioterapitenesta.

Ansvar ved lån

Når du låner tekniske hjelpemiddel har du ansvar for:

  • Å få nødvendig opplæring
  • Føreta vedlikehald som vask og ettersyn
  • Levera tilbake hjelpemidla du ikkje treng lenger
  • Gje beskjed om uhell og nesten ulukker
  • Reparasjon

Kontakt

Enklare reparasjon - ergo-/fysioterapitenesta.

Akutt reparasjon - Hjelpemiddelsentral NAV

Søknad til NAV

Ergo-/fysioterapitenesta hjelper med utfylling av søknadsskjema til NAV hjelpemiddelsentralen. Vi tar ei funksjonsvurdering og kartlegging av behovet ditt.

Skjema - bestilling av hjelpemiddel

Tilpassing/opplæring

Tilpassing/opplæring i bruk av hjelpemiddel vert gjort av personell i kommunen.


Publisert: 18.05.2016 08:08
Sist endret: 18.05.2016 08:24
Ergo- og fysioterapitenesta

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 50