Facebook ikon Twitter logo Print side

Terapibasseng

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Terapibassenget på Straume stenger f.o.m fredag 22.09.2017 grunna lekkasjer. Bassenget kan tidlegast opnast att i veke 41. 

Åpningsdato legges ut her når det er avklart.

Helsetilbod

Straume terapibasseng er eit varmtvannsbasseng der vi tilbyr trening i vatn.

Terapibassenget er ein del av helsetilbodet i kommunen.

Bassenget har ein gjennomsnittstemperatur på 33'9 grader. Det er 12'5 meter langt og er utstyrt med boblebad, massasjebenk, massasjedyser, vannmassasjestråle, motstraumsanlegg. Det er tilgang til badstue (85grader).

Bassenget er tilrettelagt for funksjonshemma med velutstyrt handikapgarderobe.

Behandling/Trening i vatn kan fremja fysisk funksjon og lindra smerter ved ei rekke funksjonsvanskar. Oppdrift frå vatnet gjer at ein kan bevega seg lettare og med mindre smerte. Motstand i vatn gir effektiv trening.

Oversikt over tidspunkt og tilbod i Straume terapibasseng

Tilvising

Lege, manuell terapeut eller kiropraktor skriv tilvising til fysioterapi dersom ein har behov for behandling og opptrening etter sjukdom og skade eller ved kroniske lidingar. Dette kan vera individuell oppfølging eller gruppetrening.

Eigentrening

Med tilvising frå lege kan ein få fysioterapeut til å laga treningsopplegg for seg. Deretter kan ein nytta terapibassenget i offentleg bading eller mellom 15 - 16 på kvardagar.

Innbyggjarar i Fjell kommune med helsegevinst av å trene i varmtvatn kan nytte bassenget gratis ein gong pr veke i tida mellom 15 og 16 på kvardagar. Ta kontakt med terapibassenget for bestilling av tid og meir informasjon.

Lag og organisasjonar der medlemmane har helsegevinst av det varme vatnet kan søkja om å leiga bassenget.

Gruppetrening

Tilbodet er for innbyggarar i Fjell kommune med tilvising frå lege til fysioterapibehandling/bassengtrening.

Det fins fleire ulike treningsgrupper leia av fysioterapeut. Dette passar for personar med ulike helseutfordringar. Dei ulike gruppene er lagt opp forskjellig utifrå funksjonsnivå og helseutfordringar.

Terapeuten vurderer kva gruppe som kan vera aktuell. Gruppene er til ulike tider og ulike dagar.

Ein forpliktar seg til å delta på treninga i størst mogleg grad i den perioden ein har fått plass. Dersom ein lenger ikkje ynskjer å nytta seg av tilbodet skal ein gje beskjed i resepsjonen eller til instruktøren for gruppa.

Vi har desse gruppene:

  • Basistrening i basseng
  • Betre nakke og rygg med bassengtrening
  • Bevegelse i basseng
  • Frisk og gravid - i basseng
  • Lågtempo - varmtvatn, godt for kroppen

Pris

Same pris som for fysioterapeut med driftstilskot. 100 kr per 60 minutt bassengtrening. Har du rett på gratis fysioterapibehandling etter honorartakst er tilbodet gratis.

I helger vert bassenget nytta til offentleg bading.

Billedgalleri


Publisert: 18.05.2016 07:35
Sist endret: 20.09.2017 10:41
Terapisenteret

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 50