Facebook ikon Twitter logo Print side

Heimehjelp

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva hjelp kan eg få?

Du kan få hjelp til praktiske kvardagsoppgåver som du er heilt avhengig av for å kunna bu heime, eksempelvis reingjering, sengeskift, bestilling av matvarer og klesvask.

I samtale med deg vert dine hjelpebehov konkretisert. Vi ser også nærare på om det er oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heimen, nye hjelpemiddel eller opplæring.

I utgangspunktet vert praktisk bistand/heimehjelp tildelt kvar 3. veke.

Kven kan få hjelp?

Du bur eller oppheld deg i kommunen og:

  • er heilt avhengig av praktisk hjelp for å kunna bu heime
  • treng opplæring for å meistra kvardagslege gjeremål
  • er pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar i det daglege

Pris

Det er eigenbetaling for bistand/heimehjelp etter statlege og kommunale satsar. Prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt.

Pris vert rekna ut frå det som er rimelegast for deg, anten time- eller månadsabonnement. Beløpa vert justerte årleg.

Dersom heimehjelp vert tildelt som opplæring eller som avlastingstiltak for pårørande, er tilbodet gratis.

Prisar for heimehjelp 2017

NettoinntektAbonnement/kr per mnd
Inntil 2G gratis
2G - inntil 3G  730
3G - inntil 4G 1.490 
4G - inntil 5G 2.210 
5G og over 2.940 
Max timesats 270

Korleis søkje?

Søk om heimehjelp - skjema for utskrift

Send utfylt og signert skjema til: 

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng du hjelp til utfylling?

Kontakt heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl 08.00 - 15.30)

Generell informasjon

Når søknad er motteken, avtalar vi (lenk heimetenesta) snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte. Får du innvilga heimehjelp, startar hjelpa opp så snart som råd og etter avtale med deg.

For at tilsette i heimetenesta skal kunna yte god hjelp, kan det vera behov for å stilla som vilkår at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel.

Lover


Publisert: 26.04.2016 07:10
Sist endret: 02.01.2017 12:39
Heimetenesta Sone Sotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90