Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsestasjon

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva tilbyr helsestasjonen?

Helsefremjande og føerbyggjande helsearbeid til barn og unge i alderen 0 – 23 år.

Tenesta omfattar

  • Svangerskapsomsorg ved jordmor
  • Helsekontrollar
  • Vaksinasjon
  • Skulehelsetenesta
  • Helsestasjon for ungdom
  • Psykososialt arbeid
  • Flyktinghelsetenesta

Telefon ekspedisjon

Straume helsestasjon ekspedisjon tlf. 55 09 68 10
Opningstid kl. 08.30 - 11.15 og 12.00 - 13.00

Ågotnes helsestasjon ekspedisjon tlf. 55 09 69 90
Opningstid kl. 08.30 - 12.00 og 12.30 - 14.00 måndag - torsdag

Pris

Tenesta er gratis.

Svangerskap - jordmor

Her finn du meir informasjon om jordmortenesta.

Helsekontrollar

Kva rettleiing kan du få på helsestasjonen?
  • Amming/ernæring
  • Reaksjonar etter svangerskap og fødsel
  • Stell av sped-og småbarn
  • Søvn
  • Samspel/tilknyting
  • Grensesetjing/sjølvstende
  • Tannhelse
  • Barnesikring
  • Sanse- og motorisk utvikling
  • Språk
  • Leik
  • Sjukdomsførebyggjande arbeid
  • Røyk/alkohol
  • Vald
Her finn du plan for barnekonsultasjonane
  • Heimebesøk
  • 6 vekers undersøking ved lege og helsesøster
  • 3 månaders kontroll
  • 4 månaders kontroll
  • 5 månaders kontroll
  • 6 månaders undersøking ved lege og helsesøster
  • 8 månaders kontroll
  • 10 månaders kontroll
  • 1 års undersøking ved lege og helsesøster
  • 15 månaders kontroll
  • 18 månaders kontroll
  • 2 års kontroll ved lege og helsesøster
  • 4 års syn og språktest ved helsesøster
  • 5 års undersøking ved lege og helsesøster

For dei som går i gruppe, vert opplegget noko annleis.

Opningstid

Måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.30

Telefontid

Kvardagar frå kl. 08.30 - 11.05 og frå kl. 12.00 - 13.00

Vaksinasjon

Informasjon om vaksinasjon i barne- og ungdomsalder frå Folkehelseinstituttet

Skulehelsetenesta

Barneskule

Alle skular i kommunen har helsesøster. Det varierer med storleiken på skulen kor mange dagar i veka helsesøster er på skulen. Det er også skulelege knytt til skulen, men dei har ikkje faste dagar dei er til stades på barneskulane.

Faste oppgaver for helsesøster:

  • Skulestartundersøking ved 5-6 år
  • Tilbod om DTP-polio-vaksine i 2. klasse
  • Tilbod om MMR-vaksine i 6. klasse
  • Tilbod om HPV-vaksine 3 gonger til alle jenter i 7. klasse.
  • Høgde/vekt måling av alle 3. klassingar
  • Undervisning om pubertet til jenter i 5. klasse og gutar i 6. klasse
  • Undervisning om kosthald i 5. klasse
  • Undervisning om alkohol og tobakk i 7. klasse
  • Miljøretta undersøking ved skolen.

Faste oppgaver for skulelegen:

  • Skulestartundersøking ved 5-6 års alder
  • Miljøretta undersøking i skulen

Andre tilbod i skulehelsetenesta:

  • Samtalar med barn og foreldre om tema som påvirkar den fysiske og psykiske helse til barnet
  • Deltaking på ansvarsgrupper og tverrfaglig samarbeid.
  • Samtalegruppe for elevar
  • Undersøking av høyrsel og syn
  • Oppfølging av vekt og høgd ved behov.
  • Tilvising til fastlege, øyelege, kommunepsykolog og foreldrerettleiingsgrupper

For meir informasjon om skulehelsetenesta på skulen din, sjå skulens heimeside

Ungdomsskule

Faste oppgåver for helsesøster:

  • 8. klasse: Individuelle samtalar og vekstmåling.
  • 9. klasse: Undervisning om seksualitet, prevensjon og helsestasjon for ungdom.
  • 10. klasse: Vaksinasjon (difteri, stivkrampe, kikhoste og polio)
  • Miljøretta undersøking på skulen.

Andre tilbod i skulehelsetenesta:

  • Samtalar med ungdom og foreldre om tema som påvirkar den fysiske og psykiske helse til barnet.
  • Deltaking på ansvarsgrupper og tverrfaglig samarbeid.
  • Undervisning og samtalegruppe for elever ved forespørsel.
  • Undersøking av høyrsel og syn.
  • Oppfølging av vekt og høgd ved behov.
  • Tilvising til fastlege, augelege, kommunepsykolog og foreldrerettleiingsgrupper.
  • For meir informasjon om skulehelsetenesta på skulen din, sjå skulen si heimeside.

Ein kan òg nå helsesøster på jobbmobil. Sjå heimesida til skulen for informasjon. Skulelege er til tilknytt skulehelsetenesta. Ta kontakt med helsesøster på skulen for informasjon.

Videregåande skule

Kva kan vi hjelpa deg med?

Elevar som har behov for ein stad å venda seg til når dei lurer på noko er uroa eller har spørsmål om seg sjølv og helsa si, kan ta kontakt med skulehelsetenesta. Føresette er også velkomne til å ta kontakt. Helsesøster og skulelege har teieplikt. Ein treng ikkje tinga time.

Vanlege tema innan skulehelsetenesta

  • Angst/depresjon
  • Seksuell helse
  • Rusmiddel
  • Fysisk helse
  • Mobbing

Opningstider

Helsesøster er på skulen

  • Onsdag kl. 09.00 - 12.00
  • Torsdag - fredag kl. 09.00 - 14.00

Skulelegen er på skulen

  • Torsdagar i partalsveker kl. 10.00 - 14.00

Kontaktinformasjon

Telefon: 55 09 70 35 | 906 78 053
E-post: berit.algroy1@fjell.kommune.no   

Meir informasjon:
Sjå Sotra vidaregåande skule si heimeside.

Helsestasjon for ungdom

HFU er eit gratis helsetilbod for ungdom mellom 13 og 23 år. Du treng ikkje bestilla time. Møt opp i opningstida og du får koma inn så snart vi er ledig.

Kva kan vi hjelpa deg med?

Du kan få informasjon, samtale og hjelp når det gjeld fysisk, psykisk og seksuell helse. Vi har teieplikt.

Aktuelle tema

  • prevensjon
  • seksuelt overførbare sjukdomar
  • seksuell identitet
  • graviditet/ abort
  • rus
  • konflikter/vold
  • psykiske vanskar/tristhet /angst
Kven jobbar her?

Helsesøster og lege.
(Lege kun måndag).

Opningstid
  • Måndag kl. 14.00 - 17.30. Lege mellom kl.14.30 - 17.30
  • Torsdag kl. 15.00 - 16.30

Vi fylgjer skuleruta og held stengt i feriar.

Her finn du oss

Vi held til i 4.etg. på Sartor Senter (Ovanfor Vilvite). Enkel tilkomst frå gågate. Du kan også kontakta oss på telefon 55 09 68 02.

Flyktningetenesta

Flyktningar som bur i kommunen, har rett til helsetenester på same måten som andre som bur i kommunen. Ved ankomst til kommunen, skal dei få tilbod om helsesamtale og gratis undersøking hjå lege og tannlege.

Kva kan vi hjelpa deg med?
  • Helsesamtale innan 3 månadar
  • Råd og rettleiing om kva helsehjelp du kan få og kvar du kan venda deg
  • Informasjon om og tilvising til frivillig gratis legeundersøking og gratis tannlegeundersøking
  • Informasjon om lovpålagt tubekuloseundersøking
  • Hjelp til innmelding i fastlegeordninga

Meir informasjon om tenester til flyktningar finn du her

Tuberkuloseundersøking

Flyktningar, asylsøkarar og andre personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalda seg i Noreg i meir enn tre månader, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking innan 14 dagar etter innreise. Det inneber IGRA test (blodprøve) og/eller lungerøntgen, etter gjeldande retningslinjer.


Publisert: 14.04.2016 12:46
Sist endret: 14.04.2016 12:48