Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsetenester i heimen (Heimesjukepleie)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva hjelp kan eg få?

Ut frå dine helsebehov, kan du eksempelvis få hjelp til:

  • grunnleggjande behov når det gjeld mat, ernæring og personleg hygiene
  • medisinering og anna medisinsk behandling, i samarbeid med fastlege
  • trening i å meistra kvardagen sjølv etter funksjonsendring/funksjonstap
  • oppfølging/observasjon av helsetilstand

I samtale med deg vert hjelpebehova konkretiserte. Vi ser også nærare på om det er oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heim, nye hjelpemiddel eller opplæring.

Her finn du informasjon om kvardagsrehabilitering

Kven kan få hjelp?

Du som bur eller oppheld deg i kommunen og har helseproblem/funksjonstap som medfører behov for helse- og omsorgstenester i heimen.

Pris

Gratis.

Korleis søkja?

Søk om helsetenester i heimen - skjema for utskrift

Send utfylt og signert skjema til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling?

Kontakt heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl 08- 15.30)

Generell informasjon

Når søknad er motteken, avtalar vi (lenk heimetenesta) snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte. Får du innvilga heimesjukepleie, startar hjelpa opp så snart som råd og etter avtale med deg.

For at tilsette i heimetenesta skal yta god hjelp, kan det vera behov for at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel. Heimen må også vera fri for røyk når tilsette er på besøk.

Lover


Publisert: 26.04.2016 08:05
Sist endret: 12.10.2017 16:13
Heimetenesta Sone Sotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90