Facebook ikon Twitter logo Print side

Individuell plan

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er individuell plan?

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få koordinator og/eller utarbeida ein individuell plan dersom dei ønskjer det. Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Alle som ønskjer koordinator og/eller ein individuell plan må senda førespurnad om det til Koordinerande eining.

Koordinerande eining i Fjell kommune er ei faggruppe, sett saman av representantar frå fleire fagavdelingar som har oppgåver knytt til koordinering og individuell plan. Koordinerande eining vil både vurdera førespurnaden din og behandla søknaden og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemna koordinator.

Korleis få utført eller motta tenesta?

Du kan kontakta kommunen ved å sende ein skriftleg førespurnad til koordinerande eining dersom du ønskjer at slik plan vert utarbeidd.

Førespurnad om Individuell Plan

Koordinerande eining vil både vurdere førespurnaden og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemna koordinator. Koordinerande eining er leia av leiar for ergo- og fysioterapitenesta i Fjell kommune og held til i Terapisenteret på Straume.

Er du i kontakt med kommunalt tilsette innan skule, helse eller sosiale tenester, skal alle kunna rettleia deg vidare.

Kriterium/vilkår

Kommunen har plikt til å utnemna koordinator og /eller utarbeida individuelle planar for personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester.

Staten har ei tilsvarande plikt for pasientar med behov for spesialisthelsetenester.

Elektronisk verktøy

Fjell kommune nyttar eit elektronisk verktøy for Individuell plan, levert av ACOS. Alle nye planar vert utvikla i dette programmet, og alle eksisterande papirplanar vert etterkvart gjort om til elektroniske planar.

Brosjyrer

Lover


Publisert: 30.05.2016 12:42
Sist endret: 30.05.2016 13:47
Ergo- og fysioterapitenesta

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 50