Facebook ikon Twitter logo Print side

Jordmor

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva skjer hjå jordmor?

Jordmor har gjennom si utdanning og erfaring spesialkompetanse på graviditet, fødsel, barseltid og ammerettleiing. Det blir avsett mellom ½ - 1 time pr. konsultasjon avhengig av behovet til den enkelte.

Svangerskapskontrollane inneheld rutinemessig undersøking av

  • Blodtrykk
  • Urin
  • Måling av vekst og utvikling hjå fosteret
  • Lyttar på hjartelyden hjå barnet
  • Leiekontroll av barnet

Jordmor tilviser den gravide til screening ultralyd og andre undersøkingar og oppfølging hjå spesialisthelseteneste ved behov. Herunder tilvisning til Rådgivningssenteret for mor- og barn ved Kvinneklinikken i Bergen, poliklinikk for gravide, observasjonspost for gravide o.a

Timebestilling

  • Ekspedisjon Straume helsestasjon tlf: 55 09 68 10
    Opningstid kl. 08.30 - 11.15 og 12.00 - 13.00
  • Ekspedisjon Ågotnes helsestasjon tlf: 55 09 69 90
    Opningstid kl. 08.30 - 12.00 og 12.30 - 14.00 tys/ons

Oppfølging i svangerskapet

  • Svangerskapskontroll etter tilråding frå Helsedirektoratet
  • Rettleiing og råd når det gjeld svangerskapsplager/fysiske/psykiske utfordringar i svangerskapet og livsstilsrettleiing
  • Samtale/råd knytt til fødsel. Rettleiing om fødsel og korleis kvinna kan førebu seg til fødselen
  • Ammerettleiing i svangerskap
  • Screening av fysisk og psykisk helse samt levevaner

Oppfølging i barseltid

  • JordmorHeim tilbyr alle friske barselkvinner og nyfødde inn forbi kriteria tidleg heimebesøk eller poliklinisk kontroll inntil 5. dag etter fødsel
  • JordmorHeim tilbyr praktisk ammehjelp
  • JordmorHeim tilbyr og naudsynt oppfølging av mor og barn i barseltid med bl.a nyføddscreening, vektkontroll, høyrselstest, gulsotmåling, ernæring- og veiledning til foreldre i stell av spedbarn og barseloppfølging av kvinna
  • Samtale om fødsel

Tilbod om JordmorHeim

Dei fleste som har fødd får tilbod om JordmorHeim. Unntaka er born under 2800g eller over 5000g, Fødd før veke 37, blødning hjå mor 1000ml, akutt keisarsnitt, sjukdom hjå mor eller born som krev eit lengre opphald på sjukehuset.

Vakttelefon

Vakttelefon - gjeld etter fødsel 481 60 999 måndag – fredag frå kl. 08.00 - 15.30 laurdag frå kl. 09.00 - 16.00.

Andre tilbod

Samarbeidspartnarar

Jordmødre i Fjell samarbeider tett med fastlegar, helsesøstrer i helsestasjon og spesialisthelsetjenesta. Andre aktuelle samarbeidspartnarar er kommunal fysioterapeut, kommunepsykolog, rask psykisk helsehjelp, sosionom/NAV.


Publisert: 03.06.2016 11:35
Sist endret: 03.06.2016 11:40