Facebook ikon Twitter logo Print side

Gravid i jobb

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om prosjektet

"Gravid i jobb" Å vera gravid og i jobb skal vera sjølvsagt og naturleg for dei fleste. Dette er utgangspunktet for prosjektet. Å vera gravid er ingen sjukdom, men det er likevel ein annleis tilstand å vera i for den kvinna det gjeld. Tilstanden er avgrensa i tid og det kan vera nødvendig å gjera tilpassingar for at ein skal kunne vera i arbeid i dei forskjellige fasane i svangerskapet.

Dei som ikkje er tilsett i Fjell kommune får råd og rettleiing når det gjeld tilrettelegging på arbeidsplass hjå jordmor og bistand til å søkja svangerskapspengar dersom arbeidssituasjonen tilseier det.

Bedrifter i Fjell har ikkje tilgang til trekantsamtalar med jordmor ute på arbeidsplassen. Samtaletilbodet på arbeidsplassen er berre for tilsette i Fjell kommune.

Rettar og plikter

  • Rettar og plikter. Ifølgje Arbeidsmiljølova § 4-6 har arbeidsgjevar så langt som mogleg, plikt til å leggja til rette arbeidssituasjonen, også for gravide arbeidstakarar.
  • Lova seier og at arbeidstakar pliktar å vera aktivt deltakande i planlegging og gjennomføring av tilretteleggingstiltak.
  • Dette tiltaket inneber at du, prosjektjordmor og din næraste leiar med personalansvar tre gonger i løpet av svangerskapet skal ha samtale med fokus på deg og arbeidet ditt.
  • Når du har meldt frå til leiaren din om at du er gravid, vil han/ho ta initiativ til den første samtalen så tidleg som mogleg.
  • Prosjektjordmor vil vere ein fagleg ressursperson for deg og din leiar i spørsmål som gjeld svangerskapet og arbeidet ditt.
  • Det vert lagt opp til tre samtalar i løpet av graviditeten, den første så snart ein kjenner til graviditeten.
  • Etter det første møtet vert ein individuell oppfølgingsplan utarbeidd. Du og leiaren din har eit felles ansvar for at oppfølgingsplanen vertfølgd.
  • Dersom du ønskjer det, vert planen også sendt til jordmor/lege i svangerskapsomsorga.
  • Ved sjukdom i svangerskapet må leiar, jordmor og den gravide saman vurdere kva som er føremålstenlege tiltak. Alternativ kan vere gradert sjukmelding, svangerskapspengar eller tidsavgrensa omplassering.

Terapibasseng

Aktivitet i terapibassenget på Straume – Frisk og Gravid i vatn ( Her må det vera lenkje til info om det som står under Bassengtrening for gravide, og ikkje berre til info om bassenget)

Tysdagar kl. 09.30 – 10.30

Eit førebyggjande tiltak i prosjektet er bassenggruppe for gravide, der du ein gong i veka har høve til å vere med på trening i oppvarma basseng i arbeidstida. Vatn er avslappande for kroppen. Det er lett å røra seg. Trykket frå vatnet masserer kroppen. Sjølv lette øvingar styrkjer musklane.

Du får og høve til eit unikt fellesskap med andre gravide kvinner. Vi kombinerer kondisjonstrening, styrking av armar og bein, bekkenbotnstrening og stabiliseringsøvingar med utstrekking og rolege avslappingsøvingar.

Treninga vert leia av fysioterapeut.

Pris

Gravide må betale kr. 300,- i ekspedisjon i bassengavdelinga.

Påmelding

For spørsmål og påmelding ta kontakt med Jordmor Hilde Langøy hilde.langoy@fjell.kommune.no


Publisert: 02.06.2016 08:43
Sist endret: 02.06.2016 08:46