Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunal bustad

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kommunal utleigebustad

Du kan søkja om å leiga kommunal bustad om du ikkje klarer å skaffa eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp. Oppfyller du krava og vert prioritert, vil du få tilbod om leige av kommunal bustad.

Kommunale bustader er av ulik storleik og standard.

Krav til søkjar

For å søkja om kommunal bustad må du oppfylla desse grunnvilkåra:

  • Du må vera fylt 18 år på vedtakstidspunktet
  • Du må på søknadstidspunktet ha budd i Fjell kommune dei siste 12 månadene (unntak for flykningar.)
  • Du må vera utan eigna bustad
  • Du må ikkje ha uoppgjort gjeld til Fjell kommune knytt til tidlegare leigetilhøve
  • Du må vera i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Pris

Husleiga er basert på gjengs leige. Kommunale leigetakarar kan søkja om statleg bustønad. Bebuar må som hovudregel stilla depositum sjølv.

Slik søkjer du om kommunal utleigebustad

Fyll ut søknadsskjemaet og send søknaden til bustadkontoret saman med vedlegg som til dømes:

  • Utskrift av likninga
  • Lønns/trygdeslipp for dei siste to månadene
  • Leigeavtale og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad m.m

Søk kommunal utleigebustad

Ta kontakt med Bustadkontoret dersom du treng hjelp til å fylle ut søknaden.

Kva skjer vidare?

  • Søknaden vert handsama så snart som mogleg
  • Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du skriftleg grunngjeving frå Bustadkontoret.
  • Vi vurderer om du oppfyller grunnvilkåra for kommunal bustad. Dersom det er fleire søkjarar enn ledige bustader, vil vi prioritera mellom søkjarar med størst behov.
  • Du får skriftleg tilbakemelding om kva type bustad du har fått og kven du kan kontakta dersom du har spørsmål.
  • Leigeavtalen skal inngåast enten mellom Fjell kommune eller Fjell bustadstifting. Denne er tidsbestemt i 3 år og kan forlengjast etter søknad.

Ved bytte av kommunal bustad og forlenging av leigetid, må det leverast ny søknad.

Søknaden om forlenga kontrakt må vera levert Bustadkontoret innan 6 månadar før leigetida utgår.

Har du bustad som kan leigast ut?

Fjell kommune har somme tider behov for fleire kommunale bustader frå den private marknaden. Viss du eig ein bustad som kan leigast ut eller seljast, kan du kontakta Bustadkontoret for ein uforpliktande prat.


Publisert: 09.05.2016 09:36
Sist endret: 24.05.2016 15:16
Bustadkontoret

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55 09 60 00