Facebook ikon Twitter logo Print side

Kreftkoordinator

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleinng

Kreftkoordinator hjelper kreftramma og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet.

Koordinatorstillinga er eit samarbeid mellom Kreftforeningen og Fjell og Sund kommune.

Kven er tilbodet til?

Personar som:

  • Kreftramma og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet
  • Treng nokon å snakka med og få råd og rettleiing
  • Har mykje å ta omsyn til og slit med oversikt
  • Har plagsame seineffektar etter avslutta behandling
  • Har barn og/eller unge som pårørande

Kva hjelper vi med?

  • Koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftsjuke og pårørande
  • Er ressursperson for kreftramma og pårørande
  • Gje råd, rettleiing og informasjon
  • Har oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Formidlar kontakt med tenester og samarbeidspartnarar
  • Sikrar oppfølging av barn og unge som pårørande
  • Støttesamtalar
  • Bidrar til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane
  • Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen

Få hjelp

Det er ikkje krav om tilvising frå lege. Kreftramma, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator.

Pris

Gratis.

Andre tilbod

Temakafè for kreftramma og pårørande

Vi tek opp aktuelle tema og byr på ulike kulturelle innslag. Velkomen innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og samtale i eit triveleg miljø saman med andre som har lik erfaring.

Målgruppe

For kreftramma og pårørande i Fjell, Sund og Øygarden.

Tidspunkt

Første onsdag kvar månad frå kl. 12.00 - 14.00.

Program hausten 2017

  • Onsdag 1. november
    Tema: Å ta ein pust i bakken v/ Unni Telle, fysioterapeut Fjell kommune
  • Onsdag 6. desember
    Tema: Førjulssamling - underhaldning med song og musikk

Stad: Røde-Kors-Huset, Blombakkane 19, 5354 Straume

Ta gjerne kontakt med kreftkoordinator Inger Fosse dersom du vil ha meir informasjon.

E-post: inger.fosse@fjell.kommune.no Telefon: 55 09 71 86 | 909 63 266

Livet i bevegelse

Å leve med helseutfordringar kan føre til store forandringar i kvardagen. Livet i bevegelse er eit kurs med fokus på dei gode tinga i kvardagen. Målet er å gje deltakarane tru på eigne ressursar for sjølv å skape seg gode kvardagar.

Kurset er for personar over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne, kronisk psykiske eller fysiske belastningar eller kreft. Pårørande kan og delta.

Kurset er for deg som ønskjer

  • Bli meir medviten om ulike verktøy for å ha gode kvardagar
  • Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar
  • Møte andre som lever med helseutfordringar
  • Moglegheit for å dele eigne erfaringar

Kurset har 5 samlingar på 3 timar. Tema for samlingane er

  1. Kvardagsglede
  2. Tankens kraft
  3. Tilstade i eige liv
  4. Tru på eigne ressursar
  5. I balanse

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar og du vil få moglegheit til både å høyre, snakke, reflektere og øve i gruppa.

Pris kr. 500 som inkluderer lunsj og kursmateriell.

Har du spørsmål? Kontakt Anita på telefon 55 09 68 59, eller Kreftkoordinator på telefon 909 63 266. Du kan og ta kontakt gjennom din lokale frisklivssentral.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Påmelding Til Frisklivs- og meistringssenteret på e-post til fms@offentleg.no eller telefon 55 09 68 59, Kreftkoordinator på telefon 55 09 71 86 / 909 63 266 eller gjennom din lokale frisklivssentral.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden i samarbeid med Kreftkoordinator i Fjell og Sund

Om kreftkoordinator

Inger Fosse er kreftkoordinator i Fjell og Sund kommune. Ho er kreftsjukepleiar. Inger har tidlegare erfaring frå arbeid med kreftpasientar på Radiumhospitalet i Oslo.

Kontakt

Kreftkoordinator Inger Fosse
Telefon: 55 09 71 86
Mobil: 909 63 266

Lover


Publisert: 08.06.2016 08:00
Sist endret: 01.08.2017 14:46
Kreftkoordinator

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 86

Kontaktperson: Kreftkoordinator Inger Fosse

Telefon: 909 63 266