Facebook ikon Twitter logo Print side

Kvardagsrehabilitering

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa innsats til å klare kvardagslege aktivitetar.Med utgangspunkt i din kvardag, dine ressursar, ønskjer og behov, set du deg mål som vi saman skal jobbe mot. Det handlar om kva som er viktig for deg.

Eit tverrfagleg team beståande av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar gjennomfører ei systematisk kartlegging, og vurderer om du er aktuell for kvardagsrehabilitering.

Kvardagsrehabilitering inkluderer kombinasjon av trening i heimen, tilrettelegging av omgjevnadar og samarbeid med pårørande.

Kvifor kvardagsrehabilitering?

Dei fleste eldre ønskjer å være aktive og bu heime lengst mogleg.

Meistre kvardagslege aktivitetar og delta i sosialt liv.

Kven kan få tilbod?

Du som opplever svekka helse og har utfordringar med kvardagslege aktivitetar.

Du som er motivert til å gjere ein innsats for å trene deg opp til å klare meir av det du gjorde tidlegare, og i større grad klare deg sjølv i dagleglivet.

Kontakt oss

Dersom du, eller andre du kjenner, kan vere ein aktuell kandidat for kvardagsrehabilitering, ta kontakt med Kvardagsrehabiliteringsteamet i Fjell kommune på telefon 55 09 71 90 eller epost kvardagsrehabilitering@fjell.kommune.no

Foto

Brosjyre

Her er informasjonsbrosjyre om kvardagsrehabilitering


Publisert: 19.12.2016 10:26
Sist endret: 19.12.2016 10:37
Kvardagsrehabiliteringsteamet

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90