Facebook ikon Twitter logo Print side

NAV Fjell

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Sosialtenesta er ein del av det lokale NAV-kontoret i Fjell Kommune.

Opningstid

Publikumsmottak kl. 10.00 - 14.00 (timeavtalar også utanom opningstida).

Kommunale tenester - NAV Fjell

Økonomisk sosialhjelp frå NAV skal sikra deg mellombelse inntekter til eit forsvarleg livsopphald.

Søknad om økonomisk sosialstønad

Meir informasjon om sosialhjelp finn du her.

NAV skal gje opplysning, råd og rettleiing på ulike område som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem. Kan NAV kontoret ikkje sjølv gje slik hjelp, skal dei så vidt mogeleg sørgje for at andre gjer det.

Som hovudregel må du sjølv ta kontakt med NAV.

Søknad om økonomisk rådgiving

Meir informasjon om råd og rettleiing finn du her.

Kommunen skal finne mellombels bustad til deg som ikkje kan skaffe deg dette på eiga hand. Du har rett til denne tenesta dersom du på eiga hand har freista skaffe deg eit husvære utan å ha lukkast, og dersom ditt behov for bustad er akutt og mellombels.

Du må ta kontakt med NAV Fjell, viss du har behov for mellombels bustad.

Det vil som regel vere naudsynt med samtale med ein sakshandsamar/rettleiar for kartlegging av situasjonen din.

Meir informasjon om mellombels butilbod finn du her.

Viss du får økonomiske problem kan NAV tilby råd og rettleiing.

Søknad om økonomisk rådgiving

Meir informasjon om gjeld- og økonomisk rettleiing finn du her.

Kvalifiseringsprogrammet er for deg som ønskjer å komme i arbeid, men trong ekstra oppfølging for å klare det.

Meir informasjon om kvalifiseringsprogrammet finn du her.

Nyttige lenkjer


Publisert: 09.05.2016 09:39
Sist endret: 01.11.2017 11:03
NAV Fjell

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume