Facebook ikon Twitter logo Print side

Praktisk bistand (Heimehjelp)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva hjelp kan eg få?

Du kan få hjelp til praktiske kvardagsoppgåver som du er heilt avhengig av for å kunna bu heime, eksempelvis reingjering, sengeskift, bestilling av matvarer og klesvask.

I samtale med deg vert hjelpebehova dine konkretisert. Vi ser også nærare på om det er oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heimen, nye hjelpemiddel eller opplæring.

I utgangspunktet vert praktisk bistand/heimehjelp tildelt kvar 3. veke.

Kven kan få hjelp?

Du bur eller oppheld deg i kommunen og:

  • er heilt avhengig av praktisk hjelp for å kunna bu heime
  • treng opplæring for å meistra kvardagslege gjeremål
  • er pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar i det daglege

Pris

Det er eigenbetaling for praktisk bistand etter statlege og kommunale satsar. Prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt.

Prisen vert det som er rimelegast for deg, anten time- eller månadsabonnement. Beløpa vert justerte årleg.

Dersom praktisk bistand vert tildelt som opplæring eller som avlastingstiltak for pårørande, er tilbodet gratis.

Prisar for praktisk bistand 2017

NettoinntektAbonnement/kr per mnd
Inntil 2G gratis
2G - inntil 3G  730
3G - inntil 4G 1.490 
4G - inntil 5G 2.210 
5G og over 2.940 
Max timesats 270

Korleis søkje?

Søk om praktisk bistand - skjema for utskrift

Send utfylt og signert skjema til: 

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng du hjelp til utfylling?

Kontakt heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl 08.00 - 15.30)

Generell informasjon

Når søknad er motteken, avtalar vi i heimetenesta snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møtet. Får du innvilga praktisk bistand, startar hjelpa opp så snart som råd og etter avtale med deg.

For at tilsette i heimetenesta skal kunna yte god hjelp, kan det vera behov for å stilla som vilkår at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel.

Lover


Publisert: 26.04.2016 07:10
Sist endret: 12.10.2017 16:42
Heimetenesta Sone Sotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90