Facebook ikon Twitter logo Print side

Psykisk helse

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva tilbod finst?

Er du over 18 år og bur i Fjell eller oppheld deg i kommunen, kan du få hjelp av dei psykiske helsearbeidarane i kommunen. Alle tenestene er gratis, og omfattar:

  • vurdering av hjelpebehov
  • samtalar
  • butrening
  • hjelp til tilrettelegging av kvardagen
  • sosial trening
  • fysisk aktivitet
  • rettleiing og rådgjeving
  • dagsenter

Søk om helse, sosial og omsorgsteneste

Psykiatrisk dagsenter

Dagsenteret er eit rusfritt lågterskeltilbod til personar over 18 år med psykiske problem, der det ikkje er krav om noko form for tilvising.

Oversikt over aktivitetar

  • Aktivitet med aktivitør og miljøpersonale. Mat til rimelig pris
  • Faste gruppetilbod; rørsle i treningsrom, ute og i terapibad
  • Eige sommarprogram med aktivitetar
  • Stillerom m/terapistol for den som treng det
  • Råd og rettleiing av fagpersonell

Opningstid

Alle kvardagar  frå kl. 10.00 – 14.00 (Torsdag lukka gruppe)

Psykiatrisk team

Psykiatrisk team inneheld personar med spesialkunnskap om psykiske lidingar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, dvs. at det er mogleg å ta kontakt utan tilvising frå lege. Vi tilbyr individuelt tilpassa opplegg etter nærare vurdering.

Rask psykisk helsehjelp

Dett er eit behandlingstilbod for personar over 18 år med mild til moderat depresjon, alle typar angstlidingar og søvnvanskar. Tilbodet vert gjeve i hovudsak som kurs. Dersom dette ikkje er nok for å hjelpa deg med vanskane dine, kan ein få nokre få timar individualterapi.

For å nytta tilbodet må du ha bustadadresse i Fjell kommune.

Vi samarbeider med Sund og Øygarden om kurstilboda våre. Om du bur i desse kommunane og ønskjer å delta på eit av kursa, ta kontakt med psykologtenesta for vaksne i din heimkommune.

Her finn du kursoversikt for Rask Psykisk Helse

Kontakt oss

Ta kontakt via fjell kommune sentralbord 55 09 60 00 eller fyll ut

Kontaktskjema - Rask psykisk helsehjelp (over 18 år)

Pris

Kurs og konsultasjoner er gratis.

Ved deltaking på kurs betalar du kr 250 for kursmateriale.

Tilvising

Du treng ikkje tilvising frå lege.

Kommunepsykolog for barn og unge

Barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar i aldersgruppa 0 - 18 år kan få tilbod om psykisk helsehjelp frå kommunepsykologane. For å nytta tilbodet, må barnet eller ungdommen ha bustadadresse i Fjell. Kommunepsykologane tilbyr også rettleiing til foreldre og andre vaksne som er viktige for barna.

Kontakt oss

Vi har telefontid kvar dag kl 08-09, tlf nr 55 09 60 00. Du kan også henvende deg skriftleg, så tek vi kontakt med deg.

Kontaktskjema barne og unge under 18 år.

Pris

Tilbodet er gratis.

Kurs 2017

Kurs - Barn og unge

COS CIRKLE OF SECURITY - Oppstart 4. september

Målgruppe

Familiar som får tilbod frå TRYGG START. Kurs for foreldre til barn 0-2 år.

Innhald

Styrkja tilknyting og samspel mellom vaksne og barn.

Hvert barn viser oss på forskjellig måte hva de vil, hva de trenger og hvordan de har det. Ofte skulle man ønske at barn ble levert med en bruksanvisning, slik er det dessverre ikke.

På dette kurset vil vi sammen med foreldre lete, utforske å være nysgjerrig i forhold til hva ditt barn trenger og hvordan du på best mulig måte kan forstå og tolke ditt barns signaler.

Dette vil vi gjøre gjennom å se på filmsnutter sammen, diskutere og reflektere!

Kurset er egnet for alle som er foreldre og er nysgjerrig på sitt barn. Kurset er godt egnet til å rette opp samspill som allerede er blitt vanskelig, eller i forhold til foreldre som har utfordringer med egen psykisk helse eller på andre måter er i en sårbar livssituasjon.

Å tilføre et barn en god, trygg tilknytning i de første leveår vil bidra til å stimulere barnets utvikling både intellektuelt, følelsesmessig og sosialt videre inn i ungdoms- og voksenårene.

Kurset er gratis - det vil bli gitt kursbevis ved avslutning av kurset.

Omfang

8 vekentlege samlingar på 1,5 timer. Tidspunkt er mandagar frå kl. 13.00 til 14.30.

Kapasitet

1 gruppe for inntil 10 personer/5 foreldrepar.

Der man er to om omsorgen eller har noen tett knyttet til seg i omsorgsoppgaven (tante, bestemor eller lignende) kan disse også få delta som en støtteperson dersom det er ønskelig. Dersom man er to må den ene forplikter seg til å møte hver gang.

Stad

Straume helsesenter avd Kommunepsykologane.

Påmelding

Meld deg på kurset til anja.rogde@fjell.kommune.no evt tlf. 55 09 60 00.

Chilled - Oppstart hausten 2017

Målgruppe

Ungdom som er engstelege/lett til moderat angst.

Innhald

Angstmestringskurs for ungdom.

Omfang

1 gruppe 10 vekentlege samlinger på 1,5 timer.

Kapasitet

Inntil 8 ungdom/ gruppe

Stad

Informasjon kjem.

Påmelding 

Påmeldingsskjema til kurs

Stressmeistringskurs

Målgruppe

Ungdom i ungdomsskulen som har høgt stress knytta til skulekvardagen.

Innhald

Stressmestringskurs – for å takle eksamenspress bedre.

Kapasitet

1 Gruppe for opptil 12 personar.

Stad

Hos kommunepsykologane i nye lokaler i Blombakkane/ved helsestasjonen.

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Stressmeistringskurs

Målgruppe

Ungdom 16-23 år i videregåande skule som har høgt stress knytta til skulekvardagen.

Innhald

Stressmestringskurs – for å takle eksamenspress bedre.

Kapasitet

1 Gruppe for opptil 12 personar.

Stad

Sotra VGS avd Bildøy.

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Foreldre- og lærerkurs "Korleis støtte barn som slit med egstelse" - 6. september 2017 kl. 12.30

Målgruppe

Kurs for føresette, tilsette i skule og andre interesserte vaksne.

Innhald

Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.

For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.

På dette kurset vil vi invitere foreldre/føresette og tilsette i barneskulane i Fjell til å lære om hjelpsame strategiar for å støtte barna slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom. Det er de same prinsippa som barna/ungdommene lærer når dei deltek på mestringskursa Friends (born) og Chilledkurs (ungdom).

Tid

Tirsdag 28. mars kl. 13.30-15-30 eller tirsdag 2. mai kl. 13.30-15.30

Stad

Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»

Påmelding

Påmelding (merk hvilken dato du vil delta) til kurshaldar innan 20. Mars: anja.rogde@fjell.kommune.no eller tlf 55 09 60 00 (servicetorg kan sende mail med påmelding til undertegnede)

Meistringskurs, barn 10 - 13 år - Oppstart 13. september

Målgruppe

Barn i alderen 10 - 13 år som er engstelege.

Innhald

Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.

For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.

På dette kurset over 6 samlingar, vil vi invitere barn (plass til inntil 8 barn) til å lære om hjelpsame strategiar slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom.

Foreldra blir invitert på forledrekurs ein ettermiddag/kveld og deltar siste kvarter på alle samlingene.

Det vert servert enkel bevertning på samlingane.

Tid

Onsdagar kl. 13.00-14.30 - første gang 3. mai 2017.

Dei andre samlingane vert 3. mai, 10. mai, 24. mai, 31. mai, 7. juni og 21. juni.

Påmelding

Påmelding til kurshaldar: anja.rogde@fjell.kommune.no eller tlf: 55 09 60 00 | 55 09 72 03.

Konsultasjonstid på helsestasjon

Målgruppe

For foreldre, barn og/eller ungdommar.

Innhald

Lavterskel. 1 time rådgiving/konsultasjon hos kommunepsykolog.

Tid

Onsdagar 08.30 - 12.00

Kontakt

Helsesøster sett inn timar i timeboka eller kontakt gro.berge@fjell.kommune.no

Dei Utrulege åra, foreldrekurs - Oppstart 24. august

Målgruppe

Familiar med born 3-6 år, der foreldra synes samspel med barna er krevjande.

Innhald

Foreldrekurs for foreldre som ønsker endring i samspel med sine born. Spesielt egna om
barnet har atferdsvansker, og i familier der barna eller foreldre har ADHD.

Omfang

13 vekentlege samlingar på 2 timer.

Kapasitet

1 gruppe for inntil 12 vaksne personar.

Stad

Kommunepsykologane, Straume helsesenter, inngang: “Psykiske helsetenester”

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Zippys Vener - Oppstart august/september 2017

Målgruppe

Alle 1.klasselærare

Innhald

Opplæring og veiledning i gjennomføring av programmet ZIPPYS VENER.

Stad

Fjell rådhus.

Kurs - Rask Psykisk Helse

Meistring av depresjon, stress og belasting - oppstart hausten 2017

Dato | Tid | Stad

  • 23. august kl. 13.00 - 15.00 - Sotra Arena, Idrettsvegen 50
  • 28. september kl. 9.00 - 11.00 - Straume helsesenter, Rask psykisk helsehjelp, Blombakkane 2
  • 1. november kl. 13.00 - 15.00 - Sotra Arena, Idrettsvegen 50

Målgruppe

Personar med lett til moderate depressive plager eller reaksjonar på stress og belastning.

Innhald

Kognitiv teori vil være ein raud tråd gjennom heile kurset. Ved depresjon, stress og belastningar kan ein få tankar, kjensler og handlingar som styrer livet på en problemskapande måte. Gjennom kurset prøver vi å få et meir reflektert forhold til tankar, følelsar og handlingar, slik at du står friare til å ta gode val og finne løysingar i reelt vanskelege situasjonar.

Kurset blir holdt av kommunepsykolog og / eller terapeut i kognitiv terapi.

Tema

  1. Samanhengen mellom tankar, følelsar, kroppslege reaksjoner og handlingar
  2. Stressmeistring og sjølvmedfølelse
  3. Sosial kontakt og jobb
  4. Sjølvhevding og grensesetting
  5. Grubling, bekymring og søvn
  6. Vegen vidare

Omfang

Kurset går over 6 kursdagar à 2 timar. Kurset er lagt opp med vekselvis undervisning og samtale om erfaringar med å prøve ut nye meistringsstrategiar.

Påmelding

rph@fjell.kommune.no eller tlf. 469 49 904

Meistring av søvnvanskar - oppstart hausten 2017

Dato | Tid | Stad

  • 6. september kl. 13.00 - 15.00 - Sotra Arena
  • 16. november kl. 10.00 - 12.00 - Straume helsesenter, Rask psykisk helsehjelp, Blombakkane 2

Målgruppe

Personar som har vanskar knytt til søvn og som treng hjelp for å få korrigert søvnmønsteret.

Innhald

Tema:

  • Psykoedukasjon om søvn
  • Kartlegging av søvnvaner
  • Søvnhygiene, miljøkontroll
  • Søvnrestriksjon

Omfang

Ca ei gruppe pr halvår. Kurset vil gå over 4 kursdagar à 2 t

Påmelding

rph@fjell.kommune.no eller tlf 469 49 904

"Frisk pust" - Oppstart hausten 2017

Dato | Tid | Stad

  • 7. september og 9 veker fram - Aktiv 365, Straume

Målgruppe

  • Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåle fysisk belastning?
  • Ønsker du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?
  • Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet/prestasjon og restitusjon/kvile?
  • Treng du hjelp til å finne att overskot, energi og livsgnist?

Innhald

  • 45 minutt høgintensiv trening på spinningsykkel (terapeutstøtta eksponering for kroppslege symptom
  • 30 minutt styrketrening
  • 15 min avspenning med fokus på pust
  • Havregraut og frukt
  • 45 minutt undervisning om psykisk helse

Ta med:

  • Treningsklede
  • Drikkeflaske og ein liten handduk.
  • Evt det du treng om du vil dusje på Aktiv 365 etter gruppa.

Tema:

Fysisk trening og puls – Stressmeistring – Kosthold – Søvn og kvile -
Mindfulness -Samanhengen mellom tankar, følelsar og handlingar - Følelsar - Sjølvhevding - Tap og sorg- Kva er angst? Strategiar for meistring - Å vere saman med andre - Avspenning og pust

Omfang

Ca kvar 5. veke, torsdagar frå kl 10-12.30.

Rask Psykisk Helsehjelp tilbyr eit behandlingstilbod / førebyggande tiltak i samarbeid med Aktiv 365 på Straume.

Pris

Gruppa går over 10 gangar og kostar 1200,- Dette betalast til Aktiv 365 ved første oppmøte, møt ein halvtime før. (Om du alt har medlemskap, betaler du kr 250 for lunsj.)

Påmelding

rph@fjell.kommune.no eller tlf 469 49 904

Drop-in kurs; meistring av panikkangst - Oppstart 24. august

Tid | Dato | Stad

  • Torsdag kl. 13.00 - 15.00

Datoar for kurset:

  • 24. august
  • 7. september
  • 14. september
  • 28. september
  • 5. oktober
  • 19. oktober
  • 26. oktober
  • 2 november
  • 9. november
  • 16. november
  • 23. november
  • 30. november
  • 7. desember
  • 14. desember

Stad: Rask psykisk helsehjelp, 1. etg. Blombakkane 2

Innhald

På dette kurset kan du dukke opp når det passar for deg. Du kan møte opp aleine eller saman med ein du vil ha med deg. Fagfolk og vener er også hjarteleg velkomne. Her får du innføring i kva som skjer under
eit angstanfall, og du lærer strategiar for å meistre dette slik at ikkje angsten skal få ta kontroll i ditt liv. Om du ønskjer repetisjon, kan du komme igjen neste veke, eller berre komme den eine dagen, det er opp til deg.

Tema:

  • Kva er angst?
  • Panikksirkelen
  • Strategiar for å lære å regulere seg, og å meistre angst

Kurset blir holdt av kommunepsykolog og / eller terapeut i kognitiv terapi.

Omfang

Vi prøver å ha kurs kvar torsdag, men det kan være torsdagar tirsdagar vi ikkje klarar å gjennomføre.

Påmelding

Ta kontakt med rph@fjell.kommune.no eller 469 49 904 for å sikre deg at det er kurs den tirsdagen det passar for deg å gå.

Vel møtt!

Mindfulness - oppstart 25. oktober 2017

Informasjon kjem.

Nyttige lenkjer

Smiso-hordaland - hjelp til personar utsett for seksuelle overgrep og til pårørande


Publisert: 04.05.2016 10:20
Sist endret: 15.08.2017 14:37
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00