Facebook ikon Twitter logo Print side

Rus

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Har du rusproblem?

Er du over 18 år og har rusproblem? Om du bur i Fjell eller oppheld deg mellombels i kommunen, kan du eller dine pårørande få hjelp av rusteama til kommunen.

Du kan få individuell bistand eller benytte vårt lågterskel dagtilbod – MO senteret.

Informasjon om MO-senter Informasjon om FACT-team

Kva kan vi tilby

  • Kartlegging av dagens situasjon
  • Støttesamtalar, råd, praktisk bistand og rettleiing
  • Nettverksarbeid
  • Heimebesøk
  • Tilvisa til spesialisthelsetenesta og eller andre samarbeidspartnarar.
  • Ettervernstilbod
  • Ambulant oppfølging. Møta brukarar der dei sjølv ønskjer (gå tur, møtast på kafé m.m.)
  • Bistand til å finna bustad
  • Mellombels bustad
  • Hjelp til å søkja om kommunal bustad
  • Hjelp til å få oversikt over gjeld og senda ut brev til kreditorar
  • LAR oppfølging
  • Tilbod og utarbeiding av individuell plan
  • Vera eit bindeledd inn i mot andre samarbeidspartnarar.
  • Koordinera eller delta på ansvarsgruppemøtar.
  • Samarbeid med pårørande etter samtykkje.
  • Tilbod om å delta i pårørandegruppe.
  • Hjelp til å fylla ut diverse søknadsskjema
  • Bistå med tvangsinnlegging ved aktuelle situasjonar
  • Råd og rettleiing til pårørande

Pris

Alle tenestene er gratis.

Kontakt

Vi kan kontaktast per telefon, mail eller ved personleg oppmøte. Ikkje bruk e-post for sensitive opplysningar.

Du kan også få fastlegen din eller andre tenesteinstanser til å ta kontakt for deg.

Kven er vi?

Rusteamet i Fjell kommune er samansett av 6 ruskonsulentar og ein avdelingsleiar som gjev tilbod om tenestar forankra i Helse og omsorgstjenestelova.

Målgruppa er menneske i Fjell kommune over 18 år som har/står i fare for å utvikle ein rusmiddelavhengigheit. Det er frivillig om ein ønskjer å motta tenestar i frå rusteamet og tenesta er gratis. Vårt hovudansvar er å følgja opp menneske med primært utfordringar knytt til rusbruk.

Målet er å kunna bidra til at menneske med avhengighetsproblematikk skal få hjelp til å få kontroll over eige liv og hjelp til å oppretthalda motivasjon til å endra eigen livssituasjon.
Vi jobbar brukarstyrt ved å ha fokus på at det er brukarane som er ekspert på sitt eige liv.


Publisert: 27.05.2016 08:00
Sist endret: 25.08.2016 12:49
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00