Facebook ikon Twitter logo Print side

Rus og psykisk helse

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er FACT-team?

FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment», og kan omsetjast til fleksibelt, aktiv oppsøkjande behandlingsteam. Dette er eit prosjekt i samarbeid med Fjell kommune og Helse-Bergen/DPS Øyane.

Meir informasjon om FACT-team 

Målgruppe

  • Målgruppa til FACT-teamet er personar med alvorlege psykiske lidingar, med omfattande funksjonsnedsetnad.
  • Dei kan ha tilleggsproblem knytt til rusmiddelmisbruk/rusliding.
  • Undersøkingar synar at ein stor del av denne gruppa i periodar treng meir intensiv behandling og tettare oppfylgjing enn det ein ordinær poliklinikk kan tilby.

FACT-team modellen forutset også eit tett samarbete mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, sosialtenesta og andre offentlege instansar.

Vi tilbyr

  • Oppsøkjande behandling og oppfylgjing
  • Følgje med på sjukdoms- og symptomutvikling
  • Praktisk hjelp og rettleiing i kvardagen
  • Arbeid med rehabilitering
  • Støtta brukaren sine betringsprosessar «Recovery»

Tilvisning

Aktuelle instansar/samarbeidspartnarar kan kontakta teamet for å konsultera på anonymt grunnlag eller for å drøfta om ein pasient er aktuell for Fact-teamet.

Tilvisinga må likevel sendast formelt frå lege/fastlege, DPS, NAV o.l.

Tilvisinga sendast til: Fact-team Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Pris

Tilbodet er gratis.


Publisert: 27.05.2016 11:07
Sist endret: 27.05.2016 11:25
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00