Facebook ikon Twitter logo Print side

Sjef i eige liv

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Helse og omsorg i framtida

Korleis skal ein kommune møta det gledelege faktum at vi vert langt fleire eldre i tiåra som kjem? Kva røynsler frå tiåra som ligg bak oss bør vi ta med i framtidsplanane? Kva rolle kan samhandlingstiltak som nytt lokalmedisinsk senter spela i framtida og korleis skal det organiserast og finansierast? Og ikkje minst; kva skal til av assistanse frå det offentlege og nærmiljøet for at folk skal kunna bu lenge og vel i eigen heim? Det var desse sentrale problemstillingane Fjell kommune og Husbanken Region Vest vart samde om å finna svar på i prosjektet "Helse – og omsorgstenester i framtida". Rapporten fekk under vegs namnet "Sjef i eige liv" og var ferdig i desember 2012.

Her kan du lesa heile rapporten "Sjef i eige liv".

Visjon

Sjef i eige liv.

Sjølvstendig liv

"Helse og omsorgstenestene i Fjell skal hjelpa deg som innbyggjar til å leva eit mest mogeleg sjølvstendig liv, også om du vert ramma av alvorleg sjukdom og funksjonssvikt. Vi vil at du då framleis skal vera sjef i eige liv og i eigen heim!

I slike høve vil du oppleva at vi gir deg rask og kompetent hjelp og at vi støttar deg i å mobilisera eigne og andre sine ressursar t.d. familie, venner, naboar og frivillige."


Publisert: 18.10.2016 15:46
Sist endret: 18.10.2016 15:51
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00