Facebook ikon Twitter logo Print side

Sjukeheim

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Fjell sjukeheim

Fjell sjukeheim tilbyr ulike opphald med medisinsk behandling, pleie, avlasting og opptrening.

Korttidsopphald

Vurderingsgrunnlag for plass:

  • Akutt endra helsetilstand heime. Behov for tilsyn og hjelp gjennom døgeret er i større omfang enn det heimesjukepleien kan ta i vare.
  • Gjenvinning eller vedlikehald av funksjonar. Dette er viktig for å kunna bu lengre heime og førebyggja behov for opphald i sjukeheim/sjukehus. Tilbod kan i særskilte tilfelle gjevast som faste rulleringsopphald.
  • Kartlegging og vurdering av vidare behov for omsorgstenester, tilrettelegging av husvære eller langtidsplass. Føresetnad er at kartlegginga i tilstrekkeleg grad ikkje kan gjerast i heimen.
  • Utskriving frå sjukehus. Behov for ytterlegare medisinsk oppfølging og trening før heimreise.
  • Lindrande behandling, også i sluttfasa av livet.
  • Ulike akutte situasjonar knytt til bustadmessige hendingar, eksempelvis brann eller bortfall av straum eller vatn.

Avlastingsopphald

Vurderingsgrunnlag for plass:

  • Pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar i det daglege og som treng pause i avgrensa periodar, for eksempel ved reiser.

Langtidsopphald

Vurderingsgrunnlag for plass:

Behov for varig heildøgns pleie- og omsorg grunna langt komen demenssjukdom eller anna varig sjukdom som ikkje er foreinleg med å bu heime.

I Fjell kommune er langtidsplassar i all hovudsak lagt til bufellesskap med heildøgnsteneste:

Korleis søkje?

Søknadsskjema for utskrift

Send utfylt og signert skjema til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling?

Kontakt heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl 08.00 og 15.30)

Pris

Prisar for instutusjonsopphald
Grunnlag2017
Avlastingsopphald Gratis
Korttidsopphald* 155
Dagsopphald* 80
Langtidsopphald Betaling langtidsplass
Frokost 30


*Nye satser vert fastsett av Helse dep. med heimel i Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Generell informasjon

Når søknad er motteken, vil heimetenesta kartleggja ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, avtalar vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte.

Søknad vert behandla i det tverrfaglege inntaktsteamet til Omsorgssjefen. Du får skrifteleg vedtak om avgjerda som er teke. Inntaksteamet har møte kvar 14. dag.

Fjell kommune tilbyr hovudsakleg opphald i Sjukeheim på einerom, men korttidsopphald vil stundom verta tilbydd på dobbeltrom.

Lover


Publisert: 06.06.2016 07:31
Sist endret: 12.10.2017 17:05