Facebook ikon Twitter logo Print side

Transportteneste (TT-kort)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er TT-kort?

TT-kort er eit betalingskort for fritidsreiser med drosje. Ordninga er fylkeskommunal og legg til rette for at funksjonshemma skal kunna delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med befolkninga elles. Ordninga skal berre nyttast til lokale fritidsreiser og ikkje til legebesøk, fysioterapi eller andre reiser som blir dekka av folketrygda.

Når du nyttar TT-kortet må du betala 25% i eigendel på kvar reise. Kortet vert fylt på pr 1. januar og 1. juli. Har du restbeløp frå 1. halvår, vert det overført til 2. halvår. Restbeløp ved nytt år, vert ikkje overført til neste år.

Ordninga er ikkje lovpålagt.

Kven kan få TT-kort?

  • Ordninga gjeld personar over ni år som er fast busett i Hordaland og som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytta buss.
  • Rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte er prioriterte i ordninga, men andre med nedsett mobilitet kan og søkja.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst to år.
  • Personar med fast plass i institusjon vert berre godkjend som brukar dersom dei er avhengig av rullestol eller er blind/sterkt svaksynte.

Korleis søkja?

Søknadsskjema og legeerklæring må sendast til kommunen. Dette vert sendt vidare til ei legenemnd som tar avgjerda. Viss du blir godkjend, vil du få eit brev som du skal lima bilete på og senda vidare til kortprodusenten. Etter ca to veker får du kortet tilsendt.

Søk om TT-kort Legeerklæring

Send utfylt og signert skjema til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Lenker

Les meir om TT-kortet på nettstaden til fylkeskommunen


Publisert: 08.06.2016 08:44
Sist endret: 08.06.2016 08:53
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00