Facebook ikon Twitter logo Print side

Tryggleiksalarm

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er tryggleiksalarm?

Bur du aleine og treng å tilkalla hjelp i akutte situasjonar, kan du søkja om tryggingsalarm.

Du må alltid ha tryggleiksalarmen på deg når du er heime for å kunna tilkalla hjelp i akutte situasjonar. Alarmen verkar berre innandørs.

Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral som formidlar kontakt vidare til heimetenesta. Heimetenesta rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.

Her kan du lese informasjonsskrivet du får når du har fått innvilga alarm.

Kven kan søkja?

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenna seg utrygge ved å bu aleine.

Pris

Prisar per månad på tryggingsalarm
Grunnlag2017
Tryggingsalarm låg sats (inntekt under 2G) 240
Tryggingsalarm høg sats (inntekt over 2G) 270

Korleis søkja?

Søk om tryggleiksalarm

Du kan ta kontakt med servicetorget i Fjell Rådhus, for å få hjelp til å fylla ut søknadsskjema. Heimetenesta vil då ta kontakt med deg for å avtala heimebesøk

Send søknaden til:

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling?

Du kan kontakta heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.30)

Søknadsbehandling

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Det vil bli gjort eit vedtak der det går fram om du er godkjend for tryggingsalarm eller ikkje.

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Lover

Forvaltningsloven kap. IV; V og VI


Publisert: 10.06.2016 09:56
Sist endret: 12.10.2017 17:34
Heimetenesta Sone Sotra

Besøksadresse:

Skjenet 8
5354 Straume

Telefon: 55 09 71 90