Facebook ikon Twitter logo Print side

Vaksinasjon

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Vaksiner er laga for at vi skal oppnå immunitet mot sjukdommar og beskytte oss mot smitte. Vaksiner kan gje bivirkningar, men går som oftast fort over.

Influensavaksine

Tilbod om influensavaksine til dei som er i risikogruppe, kan ein få hos fastlegane eller Helsetenester Vest - Reisevaksiner.

Ta vaksinen helst før 1. desember.

Dei som bør ta vaksine er:

  • Alle personar som er 65 år eller eldre
  • Alle som bur i omsorgsbolig eller sjukeheim
  • Vaksne og barn med:
    • diabetes (sukkersjuke), type 1 eller 2, uavhengig av kor alvorleg diabetesen er
    • kroniske luftvegsjukdomar, KOLS eller astma
    • kroniske hjarte-/karsjukdomar, hjartesvikt
    • nedsett motstandskraft mot infeksjonar, (t.d. ved bruk av nokre medikament som har effekt på immunsystemet )
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk leversvikt
    • nevrologisk sjukdom eller skade
    • svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40
    • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester.) Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon.
  • Helsearbeidarar som arbeider med pasientar.

HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991-1996. 

Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er svært vanleg blant personar som er seksuelt aktive. Kvinner som får ein vedvarande HPVinfeksjon, kan på sikt utvikla livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 dør av sjukdomen. HPV-vaksine kan gje vern også hjå dei som har debutert seksuelt. Difor vert det tilrådd å gje HPV-vaksine til alle unge kvinner som ikkje tidligare er vaksinerte.

Frå november 2016 kan kvinner fødd 1991 - 1996 få gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein to-årsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen er samansett av tre vaksinedosar gjevne i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

I Fjell kommune vert vaksinane gjevne på legevakta. Du møta direkte på legevakta måndag-torsdag for vaksinering mellom klokka 09.00 og 21.00. Du treng ikkje å bestilla time på førehand.

Hugs at du må ha med gyldig legitimasjon. For spørsmål om vaksineringa kan du ringja telefon 56 31 43 74.

Barnevaksinasjon

Alle barn fødd i Norge får tilbod om vaksiner gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
Ved spørsmål ta kontakt med di helsestasjonen.


Publisert: 15.11.2017 08:46
Sist endret: 15.11.2017 08:54