Facebook ikon Twitter logo Print side

Vald eller overgrep mot barn og unge

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Lurer du på om eit barn blir utsatt for vald eller overgrep?

Saker som handlar om overgrep mot barn er kompliserte og fagleg krevjande. Desse sakene blir ekstra utfordrande fordi dei ofte rører ved tabu og vanskelege kjensler hos folk. Derfor kan det vera nyttig å søkja råd og rettleiing så tidleg som råd, for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid.

Kva er eit konsultasjonsteam?

Teamet er meint som eit forum der ein kan drøfta saker som handlar om vald og overgrep. Det er eit tverretatleg team som skal gi råd og rettleiing i saker der det er mistanke om at eit barn kan vera utsett for:

  • Vald
  • Å vera vitne til vald
  • Seksuelle overgrep
  • Kjønnslemlesting
  • Tvangsgifte

Sakene kan drøftast anonymt

Kven er representert i teamet?

I teamet er det faste representantar frå:

  • Barneverntenesta
  • Barne- og Ungdomspsykiatrien (BUP)
  • Familievernkontoret
  • Helsestasjon
  • Kommunepsykolog
  • Rettleiarteamet for barnehagar

Kven kan kontakte oss?

Alle som er bekymra for at barn eller unge kan vera utsette for overgrep:

  • Personar som gjennom si yrkesutøving eller frivillig arbeid får ei bekymring
  • Privatpersonar som foreldre, naboar eller andre, kan og kontakta teamet for å få hjelp

Vi kan hjelpa med

  • Konkretisera og setta ord på bekymringa.
  • Gi rettleiing i saker der det er mistanke om at barn kan vera utsett for skadelege forhold, slik som vald eller seksuelle overgrep.
  • Faglege refleksjonar rundt konse- kvensar for barn som blir utsett for vald eller overgrep.
  • Halda fast på barnets behov.
  • Gi råd for det vidare arbeidet for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid.

Kontakt

Teamet har faste møter ein tysdag pr. månad. 

Ved behov kan teamet kallast inn, på kort varsel, for akutt møte.

Du kan ta kontakt med oss på tlf. 55 09 60 00.


Publisert: 07.11.2017 11:00
Sist endret: 07.11.2017 11:10
Konsultasjonsteamet for vald og overgrep

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55096000