Facebook ikon Twitter logo Print side

Aktivitetsvenn

Vil du bli ein aktivitetsvenn – eller treng du ein aktivitetsvenn?

Aktivitetsvenn

Mål

Målet er å gje menneske med demenssjukdom fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Med ein aktivitetsvenn kan personar med demenssjukdom fortsette sine fritidsaktivitetar på ein trygg og god måte . Det kan vera aktivitetar som å trene, gå tur, gå i teater eller på kino, fiske, spela musikk, male, eller berre møtest for ein kopp kaffi og ein liten prat. «Kva er viktig for deg?» er utgangspunkt for aktivtetar tilpassa den einskilde.

Ulike aktivitetar

Ein kan til dømes trene på Aktiv+ eller Aktivitet 365 i lag, vere med på noko kjekt på Treff+, eller stikke innom Seniorsenteret. Det beste er når både personen med demens og aktivitetsvennen får gjere noko i lag som begge trivst med. Derfor er mottoet til Nasjonalforeningen «Aktivitetsvenn – Dobbel glede».

Å vera aktivitetsvenn opplevast som meiningsfylt og lærerikt. Om du ønskjer å melde deg inn i Nasjonalforeningen i Fjell så kan du melda deg inn her.

Alle frivillige aktivitetsvenner vil få kurs og rettleiing av Nasjonalforeningen for folkehelse i Fjell, Sund og Øygarden. Du treng ikkje å vera medlem i Nasjonalforeningen for å delta på kurs.

Her finn du meir informasjon om Aktivitetsvenn

Meld din interesse og få kontakt med lokalforeningen: Informasjon og påmelding til kurs.

Informasjon om påmelding og kurs

Aktivitetsvenn - Dobbel glede 27. og 28. mars

Dato og tid
27. og 28. mars kl 18.00 - 20.30

Stad
Frivilligsentralen, Sartor Storsenter

Kurshaldarar

Arild Sørensen saman med Hukommelsesteamet i Fjell kommune.

Pris
Gratis og ope for alle interesserte.

Frivillige frå Sund og Øygarden som vil bli aktivitetsvenner i sitt nærmiljø, er hjarteleg velkomne på dette felles kurset.

Påmelding
Meld deg på kurset til kurshaldar Arild Sørensen på e-post a-so2@online.no, leiar for aktivitetsvennene i Fjell på tlf.: 901 71 119


Sist endret: 22.08.2017