Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil du bli avlastar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Avlastar

Som avlastar vil du møta mange utfordringar, og du vil også oppleva mykje som er triveleg og gjevande.

Avlasting er eit tiltak for nære pårørande som har dagleg omsorg for spesielt pleie- og omsorgskrevjande personar. Omsorgsoppgåvene må vere av eit slikt omfang at det skil seg vesentleg frå det som er vanleg.

Gode grunnar for å bli avlastar:

  • Du kan vera saman med andre menneske, og samstundes gjera noko positivt for andre.
  • Du får utfordringar som kan gje deg noko, og som du kan ta med deg vidare.
  • Du kan bruke noko av fritida di på ein nyttig måte.
  • Du kjenner nokon som treng avlasting.
  • Du treng praksis/erfaring innan helse- og eller sosial.
  • Du kan tena nokre ekstra kroner.

Kva er avlasting?

Avlasting er ei kommunal teneste som vert sett i verk der brukarfamilien bur.

Avlasting skal bidra til å halda vedlike gode familierelasjonar og sosiale nettverk. Tenesta skal førebyggja utmatting hjå omsorgsytar, og bidra til nødvnedig ferie og fritid.

Avlasting kan ein gje på mange ulike måtar, og det er viktig avlastingstilbodet gjev tryggleik og kontinuitet.

Døme på ulike former for avlasting er:

  • Privat avlasting på timebasis og/eller helger
  • Avlastingsbustad
  • Aktivitetsbasert avlasting

Krav til avlastar

Det er ikkje krav om formell utdanning for å verta avlastar.

Den som ønskjer å vera avlastar må vera personleg eigna med tanke på haldningar, motivasjon, kommunikasjon og interesser. Det er også viktig å ha respekt for andre, ha eit positivt menneskesyn og ikkje minst interesse for denne type oppdrag.

Då avlasting ofte føregår i heimen til avlastaren, er det også viktig at heile familien er med på dette og innstilt på å ta eit slikt oppdrag.

Som avlastar i Fjell kommune har du teieplikt.

Den som vil bli avlastar må legge fram gyldig politiattest.

Løn- og arbeidsforhold

Ved oppstart av eit avlastingsoppdrag, vert det skrive ein avtale mellom deg og kommunen.

Omfanget av avlastinga følgjer vedtaket som brukar har fått. Vedtaket vert som hovudregel fatta for ein periode på eitt år. For kvar ny vedtaksperiode, vil du motta eit brev som stadfestar oppdraget ditt som avlastar.

Godtgjersle vert gjeven etter KS sine satsar for besøksheim for helegavlasting. For avlasting på timebasis er det er det etter Fjell kommune sine eigne satsar.

Timelister skal leverast seinast 15 i kvar månad, og utbetaling vert 12 i påfølgande månad.

Søknad

Søk om å bli avlastar

Kontakt

Ved spørsmål ta kontakt med Hildegunn Vengen på e-post hildegunn.vengen@fjell.kommune.no eller telefon 55 09 60 00.


Publisert: 06.06.2016 10:10
Sist endret: 08.08.2016 14:19
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00