Facebook ikon Twitter logo Print side

Borgarleg vigsel

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om borgarleg vigsel

Borgarleg vigselFrå 1. januar 2018 har kommunane ansvar for gjennomføring av borgarlege vigsel i Noreg. Kommunen overtek ordninga etter Tingretten.

Ordførar og varaordførar har etter lova mynde til å vigsle brudepar. I tillegg har kommunestyret i møte 14. desember gitt vigselmynde til personalsjef og kultursjef.

Søk først om prøvingsattest

For å gifte seg i Noreg, må det fyrst vurderast om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisterert ved ditt regionale skattekontor. På bakgrunn av prøvinga vil folkeregisterert kunne gje ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader frå den er utstedt. Alle spørsmål knytt til prøvingsattest må rettast til folkeregisteret.

Lenke til folkeregisteret (Skatteetaten) med oversikt over skjema.

Korleis bestille tid for vigsel?

Du kan bestille tid for vigsel når du har motteke original prøvingsattest frå folkeregisteret. Du må levere inn prøvingsattesten i Fjell rådhus, og samstundes bestille tid for seremoni. Du kan også sende original prøvingsattest til Fjell kommune ved Servicetorgsjefen pr. post, men du må då legge ved følgjebrev der du skriv kva dato du ynskjer å gifte deg og kontaktinformasjon.

Kor raskt kan vi gifte oss?

De kan tidligast gifte dykk ei veke etter at vi har motteke gyldig prøvingsattest. Vi fastset ikkje endeleg tidspunkt før vi har motteke original prøvingsattest. Attesten må vere gyldig på tidspunktet for vigsel.

På kva dagar kan vi gifte oss?

Fjell kommune gjennomfører vigsler ein fredag i månaden i arbeidstida (09.00 – 15.00) og ein laurdag i månaden etter oppsett plan.

Dersom de ynskjer å gifte dykk i mai, juni eller august bør de bestile i god tid, då dette er populære månader.

Fast seremonirom for vigsler

Fjell kommune held vigsler på ordføraren sitt kontor i Fjell rådhus.

Kva kostar det å gifte seg?

Tilbodet er gratis i ordinær vigseltid og stad dersom du bur i Fjell kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Dersom du ikkje bur i kommunen du skal gifte deg vil det medføre kostnadar. Dette får du informasjon om når du tek kontakt med kommunen.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

I Januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Det inneber at personar av same kjønn kan gifte seg. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret (www.skatteetaten.no/no/person/folkeregister/ )

Krav til dokumentasjon

Legitimasjon

Legitimasjon må visast fram på vigseldagen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis vert ikkje godteke som legitimasjon.

Prøvingsattest

Original prøvingsattest må leverast samstundes med bestilling av seremoni. Attesten kan ikkje vere eldre enn 4 månadar på vigseldato.

Særskild for utanlandske statsborgarar: Dokumentasjon på lovleg opphald i Noreg

Alle utanlandske statsborgarar, med unntak av nordiske borgarar, må dokumentere lovleg opphald i Noreg på vigseltidspunktet. Dette vert gjort ved innlevering av prøvingsattest.

Korleis føregår seremonien?

Seremonirom

Seremonirommet er ordførarkontoret i Fjell rådhus. Det er plass inntil 7 gjester i tillegg til brudepar og vitne/forlovarar. Paret er velkomen til å ta med seg gjester inn under seremonien.

Frammøte

Paret, forlovarane og evt. gjester må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel (min. 10 min). Paret må vise legitimasjon før seremonien starter. De må vente i foajeen utanfor seremonirommet til de vert henta inn.

Vitne

To vitne må vere tilstade under seremonien. Det kan vere forlovarane eller to andre myndige personar. Vitna må visa fram gyldig legitimasjon.

Språk

Det kan på førehand gjerast avtale om at vigselen skal gjennomførast på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med kvalifisert tolk.

Seremonien

Det er sett av om lag 15 min. til kvart par. Under seremonien vert formular for borgarleg vigsel lese opp. Paret vert så spurd om dei vil ha kvarandre til ektefellar. Til slutt underteiknar paret, vitna og vigslaren ein vigselprotokoll.

Vedtak om borgarleg vigselformular

Ringar

Det er mogleg å sette på ringar under seremonien. Ver vennleg å gje beskjed om dette i samband med bestilling av tid for vigsel.

Kunstnariske innslag

Som ein del av seremonien, ynskjer nokon å inkludere musikk eller diktlesing. De kan også ta med eigne instrument ev. cd-spelar. Dersom de ynskjer andre innslag må de gje beskjed om dette i samband med bestilling av tid for vigsel.

Fotografering

Det er høve til å fotografere og filme under og etter seremonien.

Parkering

Brudeparet kan parkere framfor rådhuset på reservert plass. Andre må parkere på parkeringsplassen ved Fjell rådhus eller på andre nærliggjande offentlege parkeringsplassar.

Fotogalleri seremonirom

VigselsromVigselsromVigselsromVigselsromVigselsromVigselsromVigselsromVigselsrom


Publisert: 21.12.2017 10:32
Sist endret: 21.12.2017 10:51
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00