Facebook ikon Twitter logo Print side

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er BPA?

BPA er praktisk og personleg hjelp i kvardagen for personar med nedsett funksjonsevne og eit langvarig og stort behov for hjelp.

Kva får du?

Du får ein assistent som både kan hjelpe deg personleg og hjelpe deg med praktisk husarbeid. Du styrer sjølv kven du vil ha som assistent, kva assistenten skal gjere og når assistenten skal være hjå deg. Dersom du sjølv ikkje kan være arbeidsleiar for assistenten, kan du gi rolla som arbeidsleiar til nokon du kjenner godt.

Val av assistent og val av leverandør

Stillinga som assistent blir lyst ut og du er med på å velge ut rette kandidaten. Fjell kommune kan være leverandør av tenesta eller du kan velge å få tenesta levert av privat leverandør som har konsesjon. Tilsetjing av assistent skjer på bakgrunn av valg av leverandør.

Private leverandørar som har konsesjon i Fjell kommune:

  • Humana brukerstyrt personlig assistanse
  • Assister meg AS
  • Stendi AS
  • Smart bemanning AS
  • Assent AS
  • Optimal assistanse AS
  • Ambio helse AS
  • Uloba independent living Norge AS
  • Hjemmebest personlig assistanse AS
  • HAV Funksjonsassistanse AS
  • Primaomsorg

Kva kostar det?

Det er eigenbetaling for praktisk bistand etter statlege og kommunale satsar. Prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt.

Prisen vert det som er rimelegast for deg, anten time- eller månadsabonnement. Beløpa vert justerte årleg.

Dersom praktisk bistand vert tildelt som opplæring eller som avlastingstiltak for pårørande, er tilbodet gratis.

Prisar for praktisk bistand 2019

NettoinntektAbonnement/kr per mnd
Inntil 2G gratis
2G - inntil 3G  780
3G - inntil 4G 1.590
4G - inntil 5G 2.360
5G og over 3.150
Max timesats 290

 

Korleis søkja?

Søk om brukarstyrt personleg assistent

Utfylt og signert søknadsskjema sender du til:

Fjell Kommune
Postboks 184
5342 Straume

Dersom andre søkjer for deg, må du legge ved signert fullmakt.

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling?

Kontakt Fjell kommune på telefon 55 09 60 00 (vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.30).

Lover


Sist endret: 04.01.2019
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Postadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00