Kven kan få plass?
Tilbod for deg som:
- ikkje kan nytta deg av andre opne tilbod i kommunen som eksempelvis AKTIV+ og TREFF+
- bur heime og treng hjelp for å motverka einsemd og passivitet i kvardagen
- er pårørande med stort omsorgsansvar og treng avlasting i kvardagen
Plass på dagsenter er ikkje eit lovpålagt kommunalt tilbod.
Ulike dagsentertilbod
For eldre
For personar med svekka minne/demensdiagnose
- Aktivitet 365, Straume
- Tysdag på Gjerdet, Fjell
- Kvednatunet, Ågotnes
- Straume bu- og servicesenter, Straume
For personar med utviklingsshemming/funksjonshemming
Pris
Pris kan variera på dei ulike dagsentra (les aktuelt tilbod for deg)
Utgangspris generelt for dagsenter finn du under prisar og gebyr.
Korleis søkje?
Send utfylt og signert skjema til:
Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume
Spørsmål eller hjelp?
Spørsmål eller hjelp til utfylling av søknadsskjema
Kontakt heimetenesta på telefon 55 09 71 90 (vekedagar mellom kl 08.00-15.30)
Generell informasjon
Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møtet.
Du får skrifteleg vedtak om avgjerda som er tatt.
Får du innvilga søknad om dagsenter, får du starta så snart det er ledig plass. Treng du transport for å nytta deg av dagplassen, er det lagt til rette for det.
Sist endret: 12.10.2017