Facebook ikon Twitter logo Print side

Flyktningetenesta

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

På denne sida finn du informasjon om tilbod og tenester som er spesielt retta mot deg som er flyktning, innvandrar eller minoritetspråkleg. Dette kjem i tillegg til ordinære tenester og tilbod.

Brosjyre Velkommen til Fjell kommune

Bu i Fjell kommune

Flyktningar som ønskjer å bu i Fjell kommune, skal ta kontakt med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet IMDi. Flyktningar blir busett etter avtale mellom kommunen og IMDi.

Introduksjonsordning

Som ny flyktning i Fjell kommune kan du ha rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram:

Meir informasjon om introduksjonsprogram

I somme tilfelle vil også familiesameinte ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram.

Kontakt avdeling for Flyktningar og tenesteutvikling for å delta i introduksjonsprogrammet

Mål med introduksjonsprogrammet

  • Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • Tiltak som førebur til vidare opplæring eller jobb
  • Økonomisk uavhengigheit

Stønad under introduksjonsprogrammet

  • Deltaking i programmet gjev rett til introduksjonsstønad
  • Stønaden utgjer to gonger folketrygda sitt grunnbeløp på årsbasis
  • Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad
  • Stønaden er skattepliktig

Jobbsjansen

Ønskje du jobb og syns det er vanskelig på eigehand?

Jobbsjansen er kanskje noko for deg om du er i alderen 18-55 år, har innvandrarbakgrunn, er heimeverande og ikkje deltar i andre ordningar.

Søk om å bli med i Jobbsjansen

Kven er vi

Jobbsjansen er eit samarbeid mellom Integrerings-og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og Fjell kommune. Vi kartlegg deltakarane sine kvalifikasjonar, evner og ønske, og hjelp dei vidare til jobb eller utdanning. Deltakarane får opplæring etter behov og hjelp til å komme seg ut i arbeidslivet eller utdanning.

Målgruppe

Heimeverande kvinner med innvandrarbakgrunn:

  • i alderen 18-55 år.
  • med behov for grunnleggjande kvalifisering, som ikkje har tilknyting til arbeidslivet.
  • som ikkje har rett på introduksjonsprogram, kvalifiseringsprogram eller andre ordningar.
  • som ikkje er mottakarar av sosialhjelp.

Prioritert målgruppe er kvinner som:

  • er familiegjenforente.
  • er gift med norsk eller nordisk statsborger.
  • er gift/sambuar med arbeidsinnvandrer, som ønskjer å bu og jobbe i Norge.
  • mottar overgangsstønad.
Kva kan vi tilby deg?

Løn tilsvarande 1G (for tida 8.322 kroner per månad)

  • Fast kontaktperson
  • Individuelt tilpasset heiltidsprogram
  • Råd og rettleiing
  • Arbeidspraksis
  • Språktrening
  • Sosialt nettverk
  • Opplæring i å skrive CV og jobbsøknad

Her kan du lesa brosjyre for Jobbsjansen.

For deg med barn i barnehage med ulik kulturbakgrunn

I Fjell kommune er det mange tilbod for deg som har barn. Her finn du lenkjer og informasjon om språkleg, kulturelt mangfald i barnehagen, og barnehagens innhald og arbeidsmåtar. Det er også informasjon om foreldrerolla, korleis foreldre og barnehagen kan vera gode samarbeidspartar rundt barnet ditt. Her kan du også lese litt om våre samarbeidspartar og kva tilbud desse kan gje til dykk som foreldre.

Meir informasjon om barn i barnehagen med ulik kulturbakgrunn

Ein god start

Fjell kommune og organisasjonen Way Forward samarbeidar med å integrera barn og unge med innvandrarbakgrunn gjennom idrett og aktivitetar.

Integreringsutval i Fjell

Utvalet er leia av rådmann og ordførar, og er samansett av 12 busette flyktningar i Fjell kommune.

Det er rådslag kvar sjette veke etter ein fast møteplan, og avdeling for flyktningar og tenesteutvikling er sekretariat for rådslaget. Ulike tenesteområde i kommunen deltek i rådslaget alt etter kva som vert tema på møta.

Gjennom rådslaget vil kommuneleiinga få viktige tilbakemeldingar, både når det gjeld busetting, inkludering og integrering i samfunnet. Gjennom eit rådslag som dette er det von om å sikra deltaking, myndiggjering, og involvering i lokalmiljø

Politisk og administrativ leiing ønskjer å høyra om kvardagen til dei med flyktningebakgrunn, og få eit innblikk i korleis dei har det i Fjell kommune.

  • Korleis opplever dei kommunen når det gjeld arbeid og bustad?
  • Kva slags utfordringar opplever dei i kommunen?
  • Kva kan dei bidra med, og korleis?
  • Kva slags kultur hadde dei i heimlandet som vi kan læra av her?
  • Korleis kan vi i fellesskap bidra til at Fjell blir eit internasjonalt lokalsamfunn.

Tolketenester

Dersom du har manglande norskkunnskapar, har du krav på tolk i møte med kommunale tenester. Det er tenestestaden som bestiller og betalar tolken. Du kan ikkje sjølv bestilla tolk.

Tolking går føre seg på telefon, eller ved at tolken møter opp personleg til samtalen.

Tolken har teieplikt og skal vera kvalifisert.


Sist endret: 11.05.2016
Kraftsenteret

Besøksadresse:

Grønamyrsvegen 4
5353 Straume

Telefon: 55 09 68 10