Facebook ikon Twitter logo Print side

Forliksrådet

Forliksrådet for Fjell, Sund og Øygarden kommunar.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om forliksrådet

Forliksrådet er ein av domstolane våre. Sivile tvistar skal som hovudregel behandlast av forliksrådet, jf. Tvistelova (Tvl.) § 6-2. Forliksrådet skal alltid mekle mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad og kan tvangsfullførast via namsmannen.

Forliksklage skal sendast til sekretariatet for forliksrådet i den kommunen den innstemna bur eller har forretningsstad.

Dom i forliksrådet kan ikkje ankast til tingretten, men må reisast på nytt i tingretten, jf. Tvl. § 6-14.

Forliksrådet for Fjell, Sund og Øygarden

Fjell, Sund og Øygarden har eit felles forliksråd med tre medlemer og tre varamedlemer. Kommunestyra vel medlemer og varamedlemer til forliksrådet blant kommunane sine innbyggjarar, for ein 4-års periode. Følgjande vart valde som medlemer og varamedlemer til Fjell, Sund og Øygarden forliksråd for perioden 2017-2020:

Medlemer:

  1. Eli Bergsvik (leiar)
  2. Kristin Børve Høvik
  3. Geir Oldenberg

Varamedlemer:

  1. Wenke Iren Ertsland Liljegren
  2. Einar Kåre Telle
  3. Inger Lise Hellesund Sæle

Møta i forliksrådet blir haldne på Sotra og Øygarden lensmannskontor.

Møtefullmektig

Forliksrådet har tre faste møtefullmektigar oppnemnde av kommunen. Desse kan møte dersom ein av partane, i hovudsak klagar (kreditor), ikkje kan. Klagar må sjølv kontakte ein møtefullmektig dersom det er nødvendig. Sekretariatet for forliksrådet kan informere om namn og kontaktinformasjon til møtefullmektigane.

Sekretariat for forliksrådet - Namsfogden i Bergen

Forliksklagar og andre spørsmål om forliksrådet skal rettast til Namsfogden i Bergen som er sekretariat, sjå Kontaktinformasjon.

Kontaktinformasjon:

Namsfogden i Bergen – sekretariatet for Forliksråd for Fjell, Sund og Øygarden.

Telefon: 55 21 84 00
E-post: bergen.namsfogd@politiet.no

Meir informasjon


Publisert: 26.04.2018 13:05
Sist endret: 26.04.2018 13:28