Innleiing
Skrivedans er ein bevegelsesmetode som er utvikla av skriftspsykolog og grafolog Ragnhild Oussoren fra Nederland.
Metoden er bygd opp av 9 ulike tema der kvart tema har sine spesifikke bevegelsar som ein arbeider med grovmotorisk.
Ved bruk av musikk, leik og fantasi stimulerer ein til skriveførebuande bevegelsar som å teikna sirklar, firkantar, rette strekar, vinkler og samanhengande strekar. Dette er bevegelsar som legg grunnlaget for ei begynnande bokstavinnlæring.
Skrivedans stimulerer til:
- Positiv oppleving av å skriva og teikna
- Skriveførebuande trening før bokstavinnlæring
- Flyt i bevegelsane og betre kroppsbevisstheit
- Utvikling av handdominans
- Betre auge- og håndkoordinasjon
- Betre relasjon mellom bokstavane si form, bevegelse og fordeling på arket
Målgruppe
Barn i alderen 5 -8/9 år, som er forseinka i finmotorisk utvikling.
Pris
Tenesta er gratis.
Sist endret: 18.05.2016