Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsefremmjande og førebyggjande heimebesøk

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Tilbod om heimebesøk

Dei fleste eldre bur i eigen heim og klarar seg bra. Fjell kommune ønskjer å bidra til at innbyggjarane skal kunne bu lengst mogeleg i eigen heim, føle seg trygge, oppleve livskvalitet og god helse.

Føremålet med tilbodet er å etablere kontakt gjennom ein samtale som tar utgangspunkt i det som opptar den einskilde og bidra til at ein kan halde seg frisk og aktiv lengst mogeleg.

Vi ønskjer å gje tilbod om helsesamtale med utgangspunkt i:

  • Kva er viktig for deg?
  • Kva er god helse for deg?

Kven kan få besøk?

  • Personar som er 75 år eller eldre
  • Personar som ikkje mottar kommunale tenester

Personar som er i målgruppa vil få tilsendt eit brev frå kommunen med dato for besøk. Du vil bli kontakta pr. telefon nokre dagar før besøket for å bekrefte tidspunkt.

Du kan ta kontakt på oppgjeven kontaktperson dersom du ikkje ønskjer besøk.

Førebyggja heimeulykker

Vi ønskjer å førebyggja heimeulykker med å tilby råd og rettleiing i høve til fallførebyggjande tiltak og branntryggleik.

  • Korleis førebyggja fall og ulykker - samtale kring aktivitet, balanse, styrke, ytre risikofaktorar i heimen.
  • Førebyggjande brannvern - samtale kring risikofaktorar.

Informere om tilbod

I samtalen ønskjer vi å informere om kommunale, frivillige og private tilbod om aktivitetar, kultur og tenester.

  • Du vil få utlevert ei informasjonsbrosjyre og tilbod om samtale kring tema i den som er av interesse for deg.

Pris

Heimebesøket er eit frivillig og gratis tilbod, du vel sjølv om du vil ha nokon med deg under besøket.

Taushetsplikt

Din kontaktperson er underlagt taushetsplikt.


Publisert: 10.04.2018 12:16
Sist endret: 10.04.2018 12:32
Helsefremmjande og førebyggjande heimebesøk

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 90714854