Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsestasjon for ungdom

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


HFU er eit gratis helsetilbod for ungdom opp til 23 år. Du treng ikkje bestilla time. Møt opp i opningstida og du får koma inn så snart vi er ledig.

Kva kan vi hjelpa deg med?

Du kan få informasjon, samtale og hjelp når det gjeld fysisk, psykisk og seksuell helse. Vi har teieplikt.

Aktuelle tema:

  • prevensjon
  • seksuelt overførbare sjukdomar
  • seksuell identitet
  • graviditet/ abort
  • rus
  • konflikter/vold
  • psykiske vanskar/tristhet /angst

Kven jobbar her?

Helsesøster og lege (måndag og tysdag).

Opningstid

  • Måndag kl. 13.00 - 17.00. (Lege tilstades kl.14.00 - 17.00)
  • Tysdag kl. 12.30 - 17.00 (Lege tilstades kl. 13.00 - 16.00)
  • Onsdag kl. 13.00 - 17.00

NB! Vi fylgjar skuleruta (stengt i skuleferiane), men held ope i heile juni og august.

Her finn du oss

Vi held til i 4.etg. på Sartor Senter (Over Kjempegøy.no). Enkel tilkomst frå gågate. Du kan også kontakta oss på telefon 55 09 68 02.


Publisert: 21.02.2018 14:31
Sist endret: 21.02.2018 14:34
Helsestasjon for ungdom

Besøksadresse:

Sartorvegen 12
5353 Straume

Telefon: 55 09 68 02