Facebook ikon Twitter logo Print side

Gravid i jobb

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om

Å vere gravid og i jobb er ein heilt naturlig ting, både seint og tidleg i svangerskapet. Graviditet er ingen sjukdom, men ei annleis og energikrevjande tilstand. Det kan difor vere naudsynt å gjera forskjellige tilpasninger i dei ulike fasane i svangerskapet.

Fjell Kommune ønskjer å gjere det som er mogleg for å leggje arbeidsforholda til rette, slik at du kan fortsetje i jobben gjennom heile svangerskapet. Medan tilbod om trepartsamtalar ute på arbeidsplassen berre gjeld tilsette i Fjell kommune, kan dei som ikkje er tilsett i Fjell kommune likevel få råd og rettleiing frå jordmor om tilretteleggingstiltak på arbeidsplass og bistand til å søkja svangerskapspengar dersom arbeidssituasjonen tilseier det.

Rettar og plikter

  • Ifølgje Arbeidsmiljølova § 4-6 har arbeidsgjevar så langt som mogleg, plikt til å leggja til rette arbeidssituasjonen, også for gravide arbeidstakarar.
  • Lova seier at arbeidstakar pliktar å vera aktivt deltakande i planlegging og gjennomføring av tilretteleggingstiltak.
  • Tiltaket inneber bl.a at du og din næraste leiar med personalansvar saman med jobbjordmor, har samtaler med fokus på deg og arbeidet ditt i løpet av svangerskapet, såkalla Trepartsamtaler.
  • Når du har meldt frå til leiaren din om at du er gravid, vil han/ho ta initiativ til den første samtalen så tidleg som mogleg.
  • Kartleggjing av arbeidssituasjon og fokus på forebyggjande tiltak blir viktige tema.
  • Jobbjordmor vil vere ein fagleg ressursperson for deg og din leiar.
  • Det vert lagt opp til tre trepartsamtalar i løpet av graviditeten. Den første så snart ein kjenner til graviditeten.
  • Etter det første møtet vert ein individuell oppfølgingsplan utarbeidd.
  • Du og leiaren din har eit felles ansvar for at oppfølgingsplanen vert følgd.
  • Dersom du ønskjer det, vert planen også sendt til jordmor/lege i svangerskapsomsorga.
  • Ved sjukdom i svangerskapet må leiar, jordmor og den gravide saman vurdere kva som er føremålstenlege tiltak. Alternativ kan vere gradert sjukmelding, svangerskapspengar eller tidsavgrensa omplassering.

 

Vatntrening for gravide i terapibasseng

  • Aktivitet i terapibassenget på Straume – Frisk og Gravid i vatn
  • Les meir i brosjyra Gravid og i jobb
  • Vatntrening for gravide: Tysdagar kl. 12.00 – 13.00.
  • Eit førebyggjande tiltak er bassenggruppe for gravide, der du ein gong i veka har høve til å vere med på trening i oppvarma basseng. Vatn er avslappande for kroppen. Det er lett å røra seg. Trykket frå vatnet masserer kroppen. Sjølv lette øvingar styrkjer musklane.
  • Du får og høve til eit unikt fellesskap med andre gravide kvinner. Vi kombinerer kondisjonstrening, styrking av armar og bein, bekkenbotnstrening og stabiliseringsøvingar med utstrekking og rolege avslappingsøvingar.
  • Treninga vert leia av fysioterapeut.

Pris

Gravide må betale kr. 300,- i ekspedisjon i bassengavdelinga.

Påmelding

For spørsmål og påmelding ta kontakt med Jordmor Hilde Langøy hilde.langoy@fjell.kommune.no

Naudsynt informasjon: termindato, mobilnummer og info om du bor eller jobber i Fjell Kommune


Sist endret: 08.01.2019